Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 15. des 2025

Siren Julianne Jensen
Siren Julianne Jensen
Miljøpartiet De Grønne·Finnmark

SakMøte mandag den 15. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Statsbudsjettet for 2026 er eit budsjett som styrkjer familien, førebyggjer ulikskap og byggjer tillit. Som representant for Miljøpartiet Dei Grøne med ansvar for familie- og kulturkomiteen vil eg løfte fram kva MDG har fått gjennomslag for, og kvifor dette budsjettet fortener støtte frå Stortinget. Ulikskap startar ofte i barndomen. Vi har vore tydelege – barnetrygda skal vere eit universelt bidrag som løfter alle barn, og som ikkje blir brukt til å kutte i sosialhjelp. I budsjettavtalen er det slått fast at barnetrygd ikkje skal trekkjast frå når sosialhjelp blir utmålt. Det er eit viktig, verdimessig og praktisk gjennomslag som sørgjer for at dei fattigaste familiane sit att med meir, ikkje mindre. Samtidig ligg grunnsatsen i barnetrygda på 1 968 kr per barn per månad, og tillegget på 500 kr per månad blir vidareført for familiar i Finnmark, Nord-Troms og på Svalbard. Dette gjev ei reell styrking i område med høgare levekostnader og er målretta for busetjing i nord. For å førebyggje utanforskap må vi investere i tidlege år. Vi har sikra makspris i barnehage, han blir halden på 1 200 kr per månad, at barnehageplass er gratis i Finnmark og i Nord-Troms, og kommunar med låg sentralitet får ein makspris på 700 kr. Dette gjev lågare utgifter for foreldre og gjer det enklare å kombinere arbeid og omsorg, særleg for dei som er aleineforeldre. Kvalitet krev folk. Difor er bemanning i barnehagane styrkt. Øyremerkte midlar til levekårsutsette område blir vidareførte, og i tillegg blir betydeleg vekst i frie inntekter grunngjeven med behov for fleire tilsette. Dette er førebygging i praksis: meir tid per barn, betre språkutvikling og tryggare arbeidskvardag. SFO blir styrkt gjennom frie inntekter til kommunane, slik at fleire barn får eit godt tilbod etter skuletid og foreldre får ein meir føreseieleg arbeidsdag. Dette er ein del av den raud-grøne einigheita om å prioritere grunnleggjande velferdstenester. Når omsorgssvikt oppstår, skal staten stille opp raskt og kompetent. I budsjettet for 2026 er det sett av meir til statleg barnevern for å møte auka behov og kostnader og til kompetanseheving i kommunalt barnevern. Det vil bidra til å løfte kapasiteten og kvaliteten i tenestene, som møter barn og foreldre i krise. I tillegg er det sett av midlar til lokal rekruttering av fosterheimar og opplæringsprogram for tilsette, som skal gje eit fagleg felles grunnlag og kompetanse for tilsette i kommunane og Bufetat. Dette er viktig, for Bufetat har rettleiingsoppgåver overfor fosterheimane i tillegg til kompetansestøtte i oppfølging av fosterheimar. For barn med samansette behov, som altfor ofte har opplevd mange brot, er dette viktig, og målet er stabile og trygge heimar framfor institusjon som førsteval. Familiefattigdom heng ofte saman med utanforskap i arbeidslivet. Budsjettavtalen styrkjer kommunesektoren og gjev rom for lokale tiltak som senkar tersklane inn i arbeids- og språkopplæring, kvalifisering og tiltak for dei med funksjonsvariasjonar eller kronisk sjukdom. Samtidig legg budsjettet til rette for universell utforming, nærmiljøtiltak og trygg skuleveg – rammer som gjer kvardagen lettare for familiar og barn, og som løfter deltakinga i fellesskapet. Vi veit også at aleineforeldre ber mykje ansvar aleine. Difor har MDG vore ein pådrivar for lågare barnehagepris, styrkt SFO og eit barnevern med høgare kapasitet. For dei som ikkje har rett til foreldrepengar, er eingongsstønaden viktig. Vi har vore tydelege på at denne ordninga må styrkjast vidare framover, slik at ho gjev reell tryggleik i ein sårbar fase. Det er også viktig for MDG at økonomiske lettingar som lågare barnehagepris og barnetrygd utan avkorting i sosialhjelp samla gjer kvardagen økonomisk meir berekraftig for aleineforeldre. Dette budsjettet koplar sosial rettferd og førebygging med kvalitet i tenestene. Vi styrkjer familiane framfor å kutte i ytingane. Vi byggjer barnehage og SFO, som reduserer ulikskap. Vi løfter barnevern som gjev barn tryggleik når det trengst. Slik førebyggjer vi fattigdom, styrkjer språk og læring og gjev barn betre helse og livssjansar, heilt i tråd med det verdigrunnlaget som MDG står for. Det er slik vi byggjer tillit, fellesskap og moglegheiter for kvar familie og for kvart barn.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat