Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 15. des 2025

Siren Julianne Jensen
Siren Julianne Jensen
Miljøpartiet De Grønne·Finnmark

SakMøte mandag den 15. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Kultur er ikkje berre pynt eller underhaldning, det er sjølve pulsen i demokratiet vårt. Det gjev rom for ytring, fellesskap og kritisk refleksjon. I budsjettavtalen for 2026 har MDG vore ei tydeleg stemme for å styrkje kultur, frivilligheit og mangfald, og vi har fått gjennomslag for viktige tiltak som gjev kunstnarar, kulturarbeidarar og sivilsamfunnet betre rammer. Vi veit at skapande og utøvande kunstnarar treng tillit, fridom og føreseielegheit. Vi ønskjer at driftsstøtte skal vere normalen og prosjektstøtte unntaket. Mellom anna difor er vi glade for at SKUDA, Skuespiller- og danseralliansen, får styrkt rammene sine, sånn at fleire frilansarar får tryggare arbeidsvilkår og kan leve av kunsten sin. Frivilligheita er limet i lokalsamfunna våre, og i budsjettet styrkjer vi grunnstøtteordninga til frivilligheita, som betyr at Raudekrossen, Norsk Folkehjelp og Redningsselskapet har moglegheita til å rekruttere fleire frivillige og oppgradere utstyr. Noreg har ei historie med undertrykking av urfolk og nasjonale minoritetar. Eit oppgjer med dette krev handling og prioritering i budsjettsamanheng også. Vi er langt ifrå i mål, men i budsjettet har vi sikra styrking av Sametinget og av kvenske språk og kvenske kulturtiltak. Dette gjev rom for språkopplæring, festivalar og kulturarenaer som held tradisjonane levande. Vi har også fått gjennomslag for styrking av Kvensk institutt, som er ein nøkkelaktør for kvensk språk og kultur. Dette er eit lite bidrag på vegen mot å sikre at kvensk språk ikkje berre blir bevart, men får rom og moglegheit til å utvikle seg. I tillegg er vi veldig glade for at Danseløftet fann plass til Davvi, senter for scenekunst i nord, som får midlar til å gje dansarar og scenekunstnarar i Nord-Noreg betre produksjonsmoglegheiter og moglegheiter til internasjonalt samarbeid. Vi har også fått gjennomslag for ei ytterlegare styrking av nynorsken, som etter kvart kan bidra til å sikre reell likestilling mellom bokmål og nynorsk. Eit godt samfunn er eit samfunn der folk kan leve eit trygt liv utan frykt for å ytre seg. Det er bakgrunnen for at vi har prioritert å styrkje skeive sine rettar gjennom tilskot til organisasjonar som jobbar mot hatkriminalitet og diskriminering. Frie og redaktørstyrte medium er avgjerande for tillit i samfunnet. Det er viktig å leggje til rette for at dei kan møte digitalisering og konkurransen frå teknologigigantane. Vi kjem til å halde fram med å jobbe for at internasjonale plattformer skal skattleggjast for verdiar som er skapte i Noreg, og vil framleis stå på for å få gjennomslag for dette. Idrettslag og foreiningar er ikkje berre arenaer for aktivitet. Det er òg ein viktig del av beredskapen. Vi har sikra tilskot til oppgradering av idrettsanlegg og tilfluktsrom, og vi kjem til å involvere idretten i arbeidet med tryggleik i lokalsamfunna. Dette budsjettet viser at vi kan kombinere kulturpolitikk med sosial rettferd og beredskap. Vi gjev kunstnarar og kulturarbeidarar føreseielege rammer, vi styrkjer frivilligheita og sivilsamfunnet, vi tek eit reelt oppgjer med historisk urett mot urfolk og minoritetar, vi sikrar skeive sine rettar og frie medium, og vi gjer idretten til ein del av tryggleiken i lokalsamfunna. MDG er stolt over å ha bidratt til dette budsjettet. Det er eit budsjett som gjev rom for fellesskap, mangfald og ytringsfridom, og som byggjer eit samfunn der kultur og frivilligheit er ei kraft for demokrati og tryggleik.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Siren Julianne Jensen (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 15. des 2025 — OverStortinget