Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. des 2025

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 16. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg skal innrømma at eg hadde litt av den same følelsen knytt til at MDG fekk inn mange stortingsrepresentantar, nemleg ein viss grad av sorg, men eg registrerer at representanten har snudd sorga til glede, og eg kan melda at det har vore gledeleg å samarbeida med representanten i komiteen. Eg merkar meg at MDG i sitt alternative budsjett har sett av 60 mill. kr til oppfølging av natur, og at ein vel å gje det til statsforvaltarane. Det synest eg er litt merkeleg, for det er jo kommunane som er ansvarlege for arealpolitikken. Viss ein ønskjer å satsa på natur, burde ein vel ha sett kommunane i stand til å gjera ein betre jobb heller enn å setja staten i stand til å overstyra, koma med innseiingar, ha tilsyn og plaga kommunar. Spørsmålet mitt er: Kvifor vel MDG å styrkja staten og kontrollmekanismane meir enn å styrkja folkestyret, lokaldemokratiet og dei som har ansvaret for å ta vare på norsk natur?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat