Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 16. des 2025

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 16. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Akkurat no har alle dei 357 kommunane og 15 fylkestinga i landet ein tilsvarande debatt som me har, der dei skal setja saman budsjett for neste år og økonomiplan for dei neste fire åra. Mange av dei debattane trur eg skil seg kraftig frå det verkelegheitsbiletet ein kan få inntrykk av gjennom denne salen. Eg trur ikkje det er så veldig mange som sit i kommunestyra, som diskuterer kvar ein skal satsa og kvar ein skal plussa på i budsjetta. Veldig mange av kommunane og fylkestinga har heller diskusjonar om kvar ein må bruka mindre, kvar ein må kutta, og kvar ein må tilpassa stramme tider til aukande behov, og ein føler at ein konstant står i eit krysspress. Eg har lyst til å bruka litt tid på denne talarstolen til å takka alle dei lokalpolitikarane me har. Dei er flinke, dei er ansvarsfulle, og dei gjer ein god innsats, men dessverre med altfor mykje statleg styring, altfor lite handlingsrom og altfor få moglegheiter til å påverka eigne inntekter gjennom å leggja til rette for verdiskaping og å behalda ein del av dei inntektene gjennom f.eks. selskapsskatt eller ein større andel av verdiskapinga som skjer i dei ulike lokalsamfunna. Dersom me høyrer på dei debattane som går føre seg ute i Kommune-Noreg, registrerer me at det er mykje spennande som skjer, men at det er prega av at dei føler at dei er i ein økonomisk situasjon som er heilt annleis enn det statsråden beskreiv med ord som at det var den høgaste veksten i nyare tid. Eg trur ikkje at ein i nokon av dei kommunestyredebattane ville ha brukt dei orda og sagt at ein no kjenner på ein enormt høg vekst. Dei kjenner på at det er vanskeleg å få endane til å møtast, og nokre har faktisk sagt at det er den vanskelegaste kommuneøkonomien på 40 år. Eg trur det er eit betre bilete enn at det er den høgaste veksten i nyare tid, som statsråden nettopp sa. Det er kome eit budsjettforlik i denne salen som for fyrste gong på fire år har gjeve kommunane meir pengar enn det som låg inne i forslaget frå regjeringa. Det synest eg vi skal anerkjenna Raudt, Senterpartiet, MDG og SV for: at dei har fått Arbeidarpartiet til å bruka meir pengar på kommunesektoren – noko SV ikkje gjorde på fire år, då kommunane ikkje fekk nokon ekstramidlar, sjølv om det òg var veldig stramme tider. Difor synest eg det er litt rart at dei same partia som har klart å leggja 3 mrd. kr på bordet – rett nok mindre enn det Framstegspartiet og fleire andre parti hadde i sine alternativ – har brukt ord som «skammeleg lågt», «uheldig» og «sorg» når dei skal beskriva sine eigne budsjettgjennomslag, men det får vera ord dei bruker. Eg ville ikkje ha brukt akkurat dei orda. Eg vil heller seia at eg synest det er bra at dei partia har klart å bidra og løfta ramma litt. Det viser at Arbeidarpartiet står igjen som det einaste partiet i norsk politikk som vil vera så gniten med kommunane, og som opphavleg for eit par månader sidan faktisk meinte at kommunane skulle klara seg med 3 mrd. kr mindre enn det dei no ser ut til å få til neste år. Framstegspartiet satsar òg på kommunesektoren i vårt alternative budsjett. Av Erlend Wiborg vart det lista opp ei rekkje punkt. Me har ikkje så veldig stor taletid, så me klarer ikkje å lista opp absolutt alt me har lyst til å gje til kommunane, men me satsar på ein del viktig. Eldreomsorg er alltid Framstegspartiets hjarte nærmast, og difor målrettar me pengar direkte til eldreomsorg, slik me gjorde då me sat i regjering og hadde eit forsøksprosjekt med statleg finansiert eldreomsorg. Då sørgde me for at dei eldre fekk gode tilbod i dei kommunane som var med i forsøket. Sånn har me lyst til at alle eldre i Noreg skal ha det, sånn at det ikkje er kommuneøkonomien og prioriteringa i den enkelte kommunen som avgjer om dei eldre har det bra. Me synest at dei som har bygd landet, skal ha det bra. Difor styrkjer me eldreomsorga med direktemidlar, i tillegg til at me styrkjer løyvinga til fleire omsorgsbustader og heildøgns omsorgsbustader betydeleg. Me gjev òg meir pengar til skule og barnehage, og det er målretta midlar, og me gjev pengar til fylkesvegar. Då fylkeskommunen fekk ansvaret for vegane frå staten, fekk dei dei i den tilstanden dei var i, med eit enormt vedlikehaldsetterslep. Me legg på 1 mrd. kr, sånn at kvardagsvegane – skulevegane og dei vegane folk ferdast på i kvardagen – kan rustast opp. Det ser ein at trengst når ein køyrer på vegnettet rundt omkring, og det er veldig viktig at dei vegane òg får eit løft, noko dei ville ha fått med Framstegspartiets alternative budsjett. Me styrkjer òg ordninga til ressurskrevjande tenester, ei ordning der kommunane føler at meir og meir av ansvaret blir lagt på dei, og at staten stiller mindre og mindre opp. Difor styrkjer me ho med 200 mill. kr. No har ikkje eg meir taletid, men Framstegspartiets alternative budsjett inneheld langt fleire påplussingar til kommunesektoren som det dessverre ikkje blir fleirtal for i dag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat