Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 16. des 2025

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 16. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Denne hausten har eg kjent på glede, på sorg og på glede igjen. Det begynte med ei enorm glede over at MDG kom over sperregrensa, og at vi sikra ein siger for tuttifruttigjengen. Så fekk eg sjokk og kjente på ei sorg over at eg sjølv var den som kom inn, med alle dei moglegheitene og spennande utfordringane eg hadde forventa å ta til med, men igjen kom den enorme gleda over det privilegiet det er å få lov til å vere med og forhandle MDGs første budsjett saman med denne fantastiske gjengen. Det er eit privilegium det er vanskeleg å setje ord på, kor stort det eigentleg er. No har vi verkeleg fått sjansen til å setje eit grønt avtrykk på dette budsjettet, med ein stor siger for klima og natur. Vidare har vi kome eit stykke på veg med å sikre fylkeskommunen meir pengar til kollektiv, både gjennom ein milliard ekstra som er tenkt til kollektiv, og gjennom over 600 mill. kr til lågare priser i kollektivtilbodet på samferdselsbudsjettet. Dette meiner vi er viktige satsingar. Sjølv om vi gjerne skulle hatt dei mykje større, meiner vi dette er eit viktig skritt på vegen. Vi har også fått på plass ei utgreiing av månadskort til ein femhundrelapp. Det er kjempeviktig for dei som har dårleg råd og pendlar med buss, og for distrikta. Om eg skal ta bussen til Bergen i dag, frå Nordfjordeid, kostar det 700–800 kr ein veg. Dette er rett og slett ein enorm lette, også for Distrikts-Noreg. I Oslo vil ein familie med to pendlarar spare ca. 30 000 kr i året. Det er store pengar for dei som må telje kroner. Det er sjølvsagt også mykje anna å glede seg over i budsjettet, bl.a. at vi har fått på plass pengar til FORREGION, som er viktig for næringsutvikling i distrikta. Det er særleg to saker mange har teke kontakt med meg om. FORREGION er den eine, og folkehøgskulane er den andre. Det er om desse to flest har teke kontakt, og det er veldig viktig å få på plass. Det siste er ikkje på dette budsjettet, men det er likevel viktig. Vi har også Merkur-programmet, som er superviktig for dei små butikkane. Eg kjenner godt ein av dei som har drive dette programmet fram, og som leia det tidlegare. Kor viktig det er, er knapt mogleg å overvurdere. Vi har også fått på plass 10 mill. kr ekstra til Sametinget. Vi skulle gjerne ha kome endå lenger når det gjeld saka om samiske språk, men dette blir likevel ei viktig satsing vi gleder oss over. Det er også sorg over noko, bl.a. at vi ikkje eingong kom i gang med å jobbe for kvoteflyktningane. Vi meiner det skal vere ein streng flyktningpolitikk, men det skal vere ein human og rettferdig flyktningpolitikk. Slik vi ser det no, har vi altfor lite til dei som treng det mest. Vi skulle veldig gjerne vore på ein heilt annan stad i dag, men dette må vi jobbe med framover. No blir dei ståande, desse tre: tru, håp og glede. Det er glede over alt vi har fått til, og håp om at vi skal få til eit paradigmeskifte i norsk politikk for klima, for natur og for dei som ikkje er fødde enno. Til sist er det tru på det samarbeidet vi er så godt i gang med – den gode dialogen og den gode stemninga vi har i tuttifruttigjengen no. Vi skal få det til saman.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat