Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 16. des 2025

SakMøte tirsdag den 16. desember 2025 kl. 10
Innlegget
Vi styrkjer heldigvis begge delar. Vi styrkjer kommuneøkonomien gjennom 3 mrd. kr frie midlar og i tillegg 700 mill. kr mindre styringstrykk. Det er ingen tvil om at statsforvaltarane har altfor små ressursar til å kunne prioritere å jobbe proaktivt med saker for å ta vare på naturen. Det blir rapportert frå statsforvaltarane at desse ressursane er på eit minimumsnivå. Det gjev lang saksbehandlingstid, det gjer det mindre føreseieleg, og det vil gjere det vanskelegare for kommunane å få jobba konstruktivt saman med statsforvaltarane med sakene. Vi meiner det er heilt avgjerande viktig at statsforvaltarane kan prioritere natursaker. Slik det er i dag, er det, som sagt, altfor dårleg. Ikkje minst har vi fått sett av 1 mrd. kr til utvikling av nye prosjekt, nye verneområde, f.eks. på skog. Det trengst ressursar der.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat