Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. des 2025

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 16. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Aller først: Eg gløymde å takke representanten for godt samarbeid i komiteen. Dette er ikkje ei betaling for fleire innseiingar, men for meir riktige innseiingar – og ikkje minst jobb med f.eks. frivillig skogvern, som eg registrerer at dei fleste partia ikkje har noko som helst imot. Då må vi ha gode prosessar, vi må ha dei riktige ressursane og velje dei riktige områda. Det er, som sagt, ikkje snakk om meir innseiingar, og det står ikkje i motstrid til å jobbe betre med planane i kommunane, for vi er heilt einige om at det bør vere meir ressursar til det. Vi har også sett av midlar som kan brukast til f.eks. planvask i kommunane, men det er sjølvsagt ikkje på budsjettet til statsforvaltaren, det er på andre postar. Vi meiner at dette er eit godt budsjett for naturen. Så registrerer vi jo ei politisk ueinigheit om kor mykje ein skal ta vare på naturen, og kor mykje ein skal la det kommunale sjølvstyret overkøyre naturen. Vi meiner det siste er feil, og at det å ta betre vare på naturen er riktig.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Marius Langballe Dalin (Miljøpartiet De Grønne) — Replikk · 16. des 2025 — OverStortinget