Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 16. des 2025

SakMøte tirsdag den 16. desember 2025 kl. 10
Innlegget
Her er nok Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne tydeleg ueinige. Vi meiner at det å ta vare på naturen må ha ein større prioritet i sakene. Eg har sjølv vore kommunepolitikar i ti år, eg slutta no i løpet av oktober, og eg ser alle dei vanskelege dilemmaa. For meg også er det nokre gonger vanskeleg å seie at ein må la naturen gå først, framfor viktige lokale interesser. Dei fleste gongene går jo faktisk dei lokale interessene først. Vi er tydeleg ueinige om korleis dette skal handterast, men eg er ute etter å finne løysingar saman som vi kan få fleirtal for, slik at vi kan både sikre lokale interesser og ta betre vare på naturen. Eg håpar også på eit godt samarbeid med Senterpartiet om akkurat dette, f.eks. med å få vurdering av natur mykje tidlegare i arealprosessane, gjerne allereie i arealdelen i kommuneplanen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat