Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. des 2025

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 16. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg trur ikkje representanten høyrde ordentleg etter kva eg sa i førre runde, nemleg at ein bør få dette mykje tidlegare i prosessen, gjerne allereie i arealdelen i kommuneplanen. Vi meiner det er viktig å få det tidleg, slik at vi ikkje bruker mykje krefter, både offentlege og private krefter, på saker der vi allereie tidleg burde skjønt at her er det så viktige naturverdiar at vi ikkje kan gå vidare – og også få avklart at det i andre saker er greitt å gå vidare. Vi er heilt einige i at noko bruk av natur er nødvendig i kommunane, men då treng vi også ordningar som gjer at vi kan kompensere for det naturtapet når det er nødvendig å ta vare på natur. Dette er noko vi er veldig interessert i å få Stortinget med på å utvikle vidare i åra som kjem, nettopp på grunn av dei lokale interessene. Vi må få dette til å gå saman på ein betre måte. Innseiingar bør vere siste utveg.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat