Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. des 2025

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 16. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg kjenner på smerte og skam over at vi ikkje var i stand til å få på plass fleire kvoteflyktningar enn vi gjorde i dette budsjettet. Eg kjenner på smerte fordi eg har hatt dette innpå kroppen sjølv. Eg har sjølv stått i eit utal timar og bokstaveleg talt dekt dei opne såra krig og konflikt lagar – ikkje så langt tilbake i tid. At så mange kvoteflyktningar skal møte ei stengd dør i Noreg, er vondt å tenkje på. Dei treng å høyre dei evige orda om håp og ei utstrekt hand. Korleis ser statsråden på at så mange flyktningar møter ei stengd dør i Noreg, og korleis vil statsråden jobbe for at Noreg kan ta imot fleire kvoteflyktningar?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat