Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Beredskap blir ofte omtalt som noko abstrakt – planar, strategiar, dokument – men beredskap handlar i praksis om éin ting: om at varer, drivstoff, mat og medisinar kjem fram når dei skal. Her sit me i Vestfold på ei løysing regjeringa vel ikkje å bruka. Godsterminalen på Kopstad kan bli eit strategisk knutepunkt for norsk beredskap, eit punkt som gjer transportsystemet meir robust, mindre sårbart og betre rusta for kriser. Terminalen kan flytta meir gods frå veg til bane, han kan avlasta Oslotunnelen og spreia risiko, og ein kan unngå å bli avhengig av nokre få flaskehalsar. Det er akkurat slik ein byggjer beredskap i praksis. Likevel står Kopstad på vent – ikkje fordi ideen er dårleg, ikkje fordi behovet manglar, men fordi vegtilknytinga ikkje er prioritert. Kostnaden er under 100 mill. kr – under 100 mill. kr for betre flyt i godstransporten, under 100 mill. kr for mindre sårbar infrastruktur, og under 100 mill. kr for styrkt nasjonal beredskap. Det er nesten vanskeleg å ta inn. Samtidig snakkar regjeringa om totalberedskap, forsyningstryggleik og motstandskraft i samfunnet, men når konkrete tiltak ligg på bordet, stoppar det heilt opp. Beredskap kan ikkje berre vera ord, han må byggjast meter for meter. Når me kan flytta godstrafikk bort frå dei mest kritiske punkta, styrkjer me ikkje berre kvardagen, me styrkjer landet. Difor meiner Framstegspartiet at det er feil prioritering å la Kopstad godsterminal stå ubrukt. Me treng ikkje fleire utgreiingar, me treng handling. Kopstad er ikkje eit lokalt ønske, det er eit nasjonalt ansvar. Det handlar om næringsliv, det handlar om miljø, og det handlar om beredskap. Spørsmålet er ikkje om me har råd til å realisera Kopstad, spørsmålet er kva det kostar å la vera. Vestfold er klart, løysinga ligg der. No må staten ta ansvar.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
