Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 17. des 2025

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 17. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg skal starte med å skryte litt av representanten Lien og Senterpartiet, som klarte å blokkere dei vanvitige forslaga frå MDG, SV og Arbeidarpartiet om å auke drivstoffprisane. Det var veldig bra og godt jobba. Likevel: Frå 2021 og utover hadde Senterpartiet finansministeren, og frå 2021 til 2023 auka drivstoffprisane med 40 pst. Då er spørsmålet mitt til Lien: Når har Senterpartiet tenkt å reparere den vanvitige prisauken på drivstoff som vart gjort i den perioden, som ramma vanlege folk, næringsliv, landbruk, transport, bygg og anlegg brutalt, spesielt i distrikta? Når har Senterpartiet tenkt å reversere den vanvitige auken i drivstoffprisar?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat