Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 17. des 2025

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 17. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg vil litt over på ferje. Ein burde kanskje stilt spørsmål til meg om ferje, men no kan eg stille spørsmålet andre vegen. Litt fakta: I programmet til FrP står det følgjande: at bruken av ferjer på riksvegar og fylkesvegar skal vere kostnadsfri at ein skal ha felles standardar for konkurranseutsetjing av ferjestrekningar Vi ønskjer det – og vi trengte ikkje å slå inn opne dører då vi såg at gratis ferje kom på plass i budsjettet – men i valkampen kunne vi sjå at representanten Geir Inge Lien og tidlegare finansminister Vedum var ute i media og lova gratis ferje på alle ferjestrekningar. Då er spørsmålet mitt: Kvifor kritisere andre for det ein ikkje kan gjere i eit budsjettforlik, når Senterpartiet er det partiet som har forhandla om eit budsjettforlik og kan gjere noko med det? Kvifor leverte ikkje Senterpartiet sin lovnad i valkampen om gratis ferje på alle ferjestrekningar?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat