Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg kan gå over til ei litt snillare side. Eg veit at Lien er oppteken av å byggje veg, men eg ser at MDG og SV ikkje ønskjer å byggje store, skikkelege vegar. I vårt eige fylke, Møre og Romsdal, som Lien og eg kjem frå, har vi dødsveg nr. 2, E39 Blindheim–Breivika, som må byggjast med fire felt. Vi veit at MDG og SV ikkje i det heile ønskjer fire felt. Spørsmålet mitt er rett og slett: Vil representanten Lien og Senterpartiet vere ein liten garantist for å blokkere for dei våte draumane til MDG og SV om å skrote all vegbygging her i landet? Kan Lien garantere at han skal kjempe for f.eks. E39 Blindheim–Breivika, og at vi faktisk får bygd viktige vegar?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
