Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Ein representant frå Arbeidarpartiet sa her tidlegare at Arbeidarpartiet speler på lag med arbeidsfolk. Det gjeld i alle fall ikkje arbeidsfolk på sjøen, for Arbeidarpartiet, med fiskeri- og havministeren, ønskjer å skrote Stad skipstunnel. Hav- og kystnasjonen Noreg – med det svimlande beløpet på 17 mrd. kr til kysten i Nasjonal transportplan, og så presterer vår eigen fiskeri- og havminister frå Hammerfest ikkje å gå i krigen for kysten og viktige ting for å sikre at ein kan bruke havet og kysten som vår motorveg, det som har vore ein motorveg for å byggje landet i generasjon etter generasjon. No er ikkje dette viktig for Arbeidarpartiet. Kva var grunngjevinga for å skrote Stad skipstunnel? Det vart for dyrt. Ja, der er det rekna med moms, mens på andre prosjekt på andre vegar er det ikkje moms. Det er nesten ei dobling av prisen – som om det skulle vere så veldig spesielt. Kvar var fiskeri- og havministeren og samferdselsministeren når prisen på bygging av jernbane til Moss, samferdselsministeren sitt eige område, steig? Det skulle ha kosta 5,4 mrd. kr og har no kome opp i 28 mrd. kr, og det tikkar sikkert vidare oppover skalaen. Kvar var desse statsrådane i kampen for å stoppe dette prosjektet? Det kunne eg gjerne tenkt meg å høyre om frå fiskeri- og havministeren. Eg synest dette er spesielt, veldig spesielt. Det er trist for kysten, og det er trist for dei som skal ferdast med frakt langs kysten vår. Det er ei stor næring som stiller seg bak Stad skipstunnel. Dei står i snitt mellom 41 og 47 timar og ventar for å kome seg forbi Stad når det blæs skikkeleg. Kva andre plassar i Noreg må ein stå og vente i to døgn på motorvegane eller vegane våre? Kvar skjer det? Ingen plass. Her er det berre snakk om å skrote kysten. Arbeidarpartiet har tydelegvis ikkje tenkt å drive valkamp i Møre og Romsdal eller Vestland, dei har tydelegvis berre gjeve opp heile greia. Det er pinleg, det er ille. Eg er så glad for at Framstegspartiet, Høgre, KrF, Venstre og Senterpartiet kan stå bak at vi faktisk kan få gjort noko med dette kjempefarlege området, og eg forventar at dei partia stiller opp og ikkje har tenkt å abdisere i valkampen på Vestlandet og Sunnmøre og oppover langs kysten, som Arbeidarpartiet tydelegvis har gjort. Eg vil gjerne høyre om fiskeri- og havministeren har tenkt å kome med nokon tilbakemeldingar om kvifor ein skrota ei så viktig trafikkåre i Noreg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
