Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg skal ikkje gjenta det førre talar, Helleland, sa om det som gjeld beredskap, om det ikkje å løfte ein finger. Eg støttar 100 pst. det som vart sagt der. Eg kan gå vidare og seie at det heller ikkje vert løfta ein finger for beredskapen på sjøen i det farlegaste området i Noreg, forbi Stad. Når eg høyrer samferdselsministeren prøve seg som kystminister og begynne å snakke om at båtane har vorte nyare, så det er liksom ikkje så farleg, då skulle det ikkje forundre meg om nokre skipperar rundt om i Noreg hoppa i stolen. Eg skal vere forsiktig med supplement, for då vert eg sikkert klubba. Ein må rett og slett forhalde seg til realitetar. Beredskap er viktig, men ein er ikkje interessert i å bruke midlar på beredskap. Då kjem eg inn på det neste, der eg har tenkt å gje MDG eit lite besøk. Når MDG snakkar om at andre parti ikkje kan ha realitetsoppfatning av eigen politikk, er det bra sikkert at MDG i alle fall ikkje har det. Så til beredskap og buss og kollektivtrafikk: Alle norske byar av ein viss størrelse skal altså i ein krigs- eller krisesituasjon evakuerast med buss. No er det kinesiske bussar med nullutslepp, styrt av Kina. MDG styrte også i Oslo og klarte å prestere å bestille bussar med motoren bak på leddbussar. Det er vel ingen som har høyrt om at nokon har motoren bak på eit vogntog med hengar – det har i alle fall aldri eg høyrt om. Det fungerer kjempedårleg. Det fungerte akkurat like dårleg for desse leddbussane i Oslo, som sto i sju steinar heile vinteren. Dei tolte heller ikkje norsk vinterkulde. Ikkje nok med det: Det var ikkje råd få på kjettingar. Ein kan nesten seie gratulerer med verkelegheitsoppfatninga. Dei bussane det no er krav om nullutslepp for i heile Noreg, har knekt fylkesøkonomien i heile Noreg, og det gjer at ein no manglar milliard på milliard. Eg kunne ha rita opp fylke etter fylke. Eg har sete i over 20 år i fylkespolitikken i Møre og Romsdal, og eg veit kva dette dreiar seg om. Dei har ikkje ein sjanse til å finansiere desse kinesiske bussane. Då kjem dei med ei krisepakke og satsar liksom på kollektivtrafikk. Nei, det er ikkje satsing – det er reparering av eigen totalt greinlause politikk. Det må eg få lov til å seie, at det å ha bussar som går, faktisk også er beredskap. Då vert eg ganske skremt av regjeringa, som ikkje skal ha beredskap korkje på Ofotbanen eller på kysten, og heller ikkje når det gjeld kollektivtrafikk. Det held ikkje mål, rett og slett. Eg stiller meg bak det Trond Helleland sa. Eg treng ikkje bruke meir tid på det, men det er trist å ha ei regjering som faktisk ikkje ønskjer å prioritere beredskap.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
