Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 17. des 2025

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 17. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Churchill sa eingong at det er ingenting som treng så mykje førebuing som ein improvisert tale. Eg treng ikkje mykje førebuing for å replisere representanten frå MDG som hevda at elbussar var like dyre som Euro 6-bussar. Faktum er at ein elbuss kostar i snitt ca. 4,2 mill. kr og ein dieselbuss ca. 2,6 mill. kr, ein leddbuss som går på diesel, har 127 plassar, og ein elbuss 115, dvs. at han får med seg færre passasjerar, og at det må gå fleire bussar for å frakte like mange. Då kan det hende ein må improvisere lite grann for å kunne hevde at desse to bussane er like billige både i innkjøp og i drift, for det er teoretisk umogleg.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat