Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Senterpartiet meiner at ferje er ein del av vegen, og det er Framstegspartiet einig i, så vidt eg veit. Billettar på ferje er ei avgift for dei reisande som rammar alle likt. Ferjebillettar er dermed ei usosial avgift for befolkninga langs kysten og er i praksis ei bomavgift for evig tid for dei reisande. I Framstegspartiets alternative statsbudsjett byggjer dei på budsjettet til regjeringa, der gratisferje som kjent vart fjerna. Stortingsgruppa til Arbeidarpartiet tok ansvar og la gratis ferje tilbake i sitt budsjett. Det har ikkje Framstegspartiet gjort. Det betyr at ordninga med gratisferje ville forsvunne dersom Framstegspartiet sat i regjering. Kvifor er FrP mot gratisferje når dei elles er så for å fjerne bompengar og andre avgifter for bilistane?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
