Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
På landsmøtet til Framstegspartiet vart gratisferje teke opp. Der vart det fleirtal for at Framstegspartiet ikkje skulle gå for å gjere ferja gratis. I innlegget no seier representanten Hoksrud at om det hadde lege inne i det opprinnelege forslaget til Arbeidarpartiet, hadde dei kome til å gå for det. Meiner Framstegspartiet dei er til å stole på i den samanhengen, når vi ser at dei éin gong er for gratisferje, men i neste runde har eit landsstyrevedtak om at dei er imot? Kva skal ein forvente av FrP i denne saka?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
