Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Vi er midt i ei tid då samferdselspolitikk handlar om korleis vi skal byggje landet vårt for framtida. Noreg er eit langstrakt land med store avstandar, krevjande topografi og eit næringsliv som er heilt avhengig av at varer og tenester kjem fram, uansett om det er til kysten, fjellbygdene eller storbyane, frå Svalbard i nord til Lindesnes i sør Samtidig står vi overfor det grøne skiftet, der transportsektoren må ta sin del av klimakutta, men på ein måte som ikkje svekkjer konkurransekrafta til norsk næringsliv, beredskap og suverenitet. Dette er ikkje små utfordringar, men det er heilt avgjerande for at både beredskap, verdiskaping og kvardagen til folk flest skal vere bra. Senterpartiet meiner at samferdselspolitikk må ta utgangspunkt i heile Noreg, ikkje berre i dei største byane. Vi må ha ei tydeleg geografisk fordeling av ressursar, slik at vi byggjer landet og ikkje sentraliserer det. I vårt alternative statsbudsjett har vi gjort knallharde prioriteringar, men i stort har vi prioritert fylkesvegar og gratisferjer, og Senterpartiet vil starte opp E39 Volda–Furene, E39 Storhaugen–Førde og E6 Langnesberga. Sjølv om vi ikkje fekk gjennomslag for alt, viser vi gjennom budsjettavtalen at vi tek ansvar for framtidas løysingar, til beste for folk og næringsliv i heile landet. Vi gjev og tek, men vi står fast på at veg, hamner, ferjer, fly og jernbane må fungere til beste for folk. Senterpartiet heiar på fylka. Fylkeskommunen leverer heilt grunnleggjande tenester til folk, og no vert det mogleg å oppretthalde og vidareutvikle desse tenestene. Styrking av den fylkeskommunale økonomien gjev rom for å ruste opp fylkesvegar, behalde gratisferjer og gje eit betre kollektivtilbod. Samferdsel er beredskap. Når krisene rammar, om det er ekstremvêr, ras eller andre hendingar, må vi ha eit transportsystem som fungerer i heile landet. Finnmark, Lofoten og Stad har same behov for tryggleik som Austlandet, og Senterpartiet fekk i regjering difor bl.a. gjennomslag for å halvere prisene på FOT-rutene. Vi motset oss å konkurranseutsetje og rasere posttenesta, slik regjeringa legg opp til i høyring om ny postlov. Det er eit stort paradoks at samtidig som vi har ei historisk satsing på forsvar og motstandskraft i sivilbefolkninga, skal vi byggje ned det mest omfattande og fysiske distribusjonsnettverket vi har i Noreg. Vi ser allereie konsekvensane av klimaendringane. Senterpartiet meiner at vi skal ta dette på høgste alvor, men at det ikkje må gå på kostnad av behovet til vanlege folk for å kome seg rundt, og konkurransekrafta til det norske næringslivet. Senterpartiet står for ein samferdselspolitikk som gjev folk fridom til å bu der dei vil, som sikrar næringslivet konkurransekraft, og som gjer at vi kan møte framtidas utfordringar med styrke. Vi treng ein gjennomgang av korleis vi organiserer samferdselssektoren. Senterpartiet vil begynne på toppen. Vi skal ha ned talet på direktørar og byråkratar, og vi skal justere dei samfunnsøkonomiske modellane som styrer prioriteringane, slik at næringstrafikk får betre vilkår. Vi vil gjere strukturane enklare, slik at det er klart kven som har ansvar. Vi må leggje ned Jernbanedirektoratet for å rydde opp i togkaoset etter den førre regjeringa, og vi vil ha inn meir politisk styring, slik at vi i denne salen kan stå til ansvar, ikkje berre skyve eit styre framfor oss. Sjølv om Senterpartiet står bak budsjettavtalen for 2026, vil vi bruke dei neste fire åra til å søkje gjennomslag for vår politikk. Vår rolle er å sikre vekst og bulyst i heile landet. Vi må fokusere på sikkerheit og beredskap for både folk og næringsliv. Dette handlar om beredskap og tryggleik, og om moglegheiter. Det handlar om å byggje heile Noreg, ikkje berre delar av det.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
