Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Takk for spørsmålet. Eg må starte med å seie at vi i Senterpartiet er veldig opptekne av å ha ein skattepolitikk og ikkje minst ein avgiftspolitikk som gjer at næringsliv og vanlege folk kan ha ein trygg og god kvardag, med føreseielege bensinprisar og dieselprisar og ikkje minst energiprisar – og alt anna. Så til dette. Vi har i budsjetta våre, då vi hadde finansministeren, senka vegbruksavgifta tilsvarande det CO2-avgifta auka. Vi har altså ikkje auka prisane på drivstoff, det er det faktisk marknaden som rår over. I den situasjonen verda har stått i, med både krig og uro, har prisane gått opp – men det er ikkje på grunn av avgifter, for dei har vi sørgd for å halde nede gjennom å senka vegbruksavgifta tilsvarande som avgifta på CO2 har gått opp.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
