Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Gratis ferje er viktig for oss i Senterpartiet. Vi har fått utruleg mange gratis ferjesamband, noko som ikkje FrP har gjort. Eg er fullstendig klar over at det står i programmet til FrP at dei går for gratis ferje, men på landsmøtet vedtok dei at det ikkje skulle vere gratis ferje, og i budsjettet som ligg føre no, har dei heller ikkje bygd på gratis ferje, det er ute. Då må ein berre stille spørsmålet: Kva er det som er realiteten med FrP? Kva vil dei? Når det gjeld lovnaden vår i valkampen: Ja, vi ønskjer at alle ferjer skal vere gratis over heile landet. Det er ein kamp vi framleis ønskjer å ta og å jobbe for. Så er det noko med storleiken på parti, og korleis ein kjem i hamn med dette. Vi greidde i alle fall gjennom budsjettet i år å behalde gratis ferje. Vi har òg pressa Arbeidarpartiet knallhardt på det. Det følte eg at vi lykkast med, og vi vil fortsetje jobben med at ferjesamband skal vere gratis for bilistar.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
