Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
For oss i Senterpartiet er det utruleg viktig å byggje landet i hop, og enkelte plassar i landet vil faktisk vegnettet fungere som vår jernbane, i og med at det ikkje er nokon jernbane eller andre alternativ til transport – så då er vegen det viktigaste. I regjering var Senterpartiet med og endra på vegnormane, dvs. at både Nye vegar og Statens vegvesen har større fridom til sjølve å kunne velje korleis det skal vere. Det vil òg ta opp i seg om det er behov for ein firefelts veg. Senterpartiet meiner at der det er behov for ein firefelts veg, slik som for Blindheim–Breivika, vil det vere fornuftig om Statens vegvesen kjem med det, for vi ser at trafikkbelastninga er så stor at behovet er der no.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
