Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 17. des 2025

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 17. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Takk for spørsmålet. Representanten Helleland sa at eg i innlegget mitt opna for samarbeid. Ja, Senterpartiet er eit pragmatisk parti. Vi har ein budsjettavtale med regjeringa og deira støtteparti, og det forheld vi oss til, men i mange saker kan vi søkje samarbeid f.eks. med Høgre, viss det gagnar vår politikk. Vi er opptekne av å få til ting og bruke vår posisjon her i Stortinget til å skape eit bra Noreg. Det å sjå på løysingar for tog og anna får vi kome tilbake til når vi eventuelt skal diskutere forslag eller det som blir lagt fram. For oss i Senterpartiet har det no vore viktig å få stabilitet, ta att det etterslepet som har vore på bane, sjå på den organiseringa som har vore gjord, og få stabilisert og retta opp i dei skeivskapane vi meiner har vore innanfor Bane NOR.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat