Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 17. des 2025

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 17. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Vi prøver å ha eit vidt syn og søkje moglegheiter der det er mogleg å få til ting. Vi i Senterpartiet har sjølvsagt ein politikk der vi er veldig opptekne av at vi skal skape god mobilitet over heile landet. Representanten Helleland nemnde her FOT-ruter. Det er eit utruleg viktig område, og vi ser no på dei nye anboda som skal kome der, og på å forsterke og forbetre rutetilbodet der vi ser at det i dag ikkje er optimalt. For oss i Senterpartiet er det viktig heller å kome i førarsetet på å forsterke den typen tilbod når det er stor etterspurnad, og det viser det seg at det har vorte på fleire av desse flyplassane, fordi prisane er halverte. Då brukar òg folk og næringsliv det meir. Då er det viktig for oss å styrkje tilbodet i staden for å svekkje det, og vi ser gjerne fram til ein god dialog med Høgre og andre her i Stortinget for å nå resultat.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat