Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Den 13. juni i år vedtok Stortinget endringar i yrkestransportlova, for å rydde opp i drosjekaoset etter førre regjering. I ny § 9 andre ledd heiter det bl.a.: «Bestilling av og betaling for bestilt drosjetransport skal registrerast automatisk i kontrollutrustinga. Kontrollutrustinga skal ha fast tilknyting til motorvogna gjennom fysisk kopling eller på anna sikkert vis når det går fram av forskrift». Endringa skulle sikre kvit økonomi i næringa gjennom krav til automatisk registrering av turar og all betaling. Dette er i tråd med Hurdalsplattforma og i tråd med Arbeidarpartiets eige program. Denne delen av lova er ikkje sett i verk, trass i Stortingets vedtak og trass i at regjeringa sjølv la fram forslaget. Kvifor følgjer ikkje regjeringa opp Stortingets vedtak?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
