Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er ikkje alltid like enkelt å få til ei budsjetteinigheit, men Senterpartiet har valt å ta ansvar fordi vi veit at kompromiss er ein del av det å styre eit land. Vi har kjempa for våre prioriteringar, og vi har fått gjennomslag. Vi har sikra eit budsjett som gjev betre balanse mellom by og land, som har styrkt grunnleggjande tenester, og som gjev rom for vidare utvikling av heile landet. Budsjettavtalen er eit greitt kompromiss, i tråd med den norske tradisjonen med å finne løysingar i fellesskap. Det er likevel område der vi står langt frå regjeringa. For Senterpartiet var det heilt avgjerande å få styrkt fylkeskommuneøkonomien i budsjettforliket. Senterpartiets gjennomslag gjev rom for meir vedlikehald, kollektivtilbod og ferje, og tenester folk er avhengige av kvar einaste dag. Vi har òg fått skrota den usosiale avgiftsauken på bensin og diesel. For oss handlar dette om rettferd. Det er mange i dette landet, inkludert i byane, som ikkje har råd til ny elbil eller andre alternativ til bilen. Når regjeringa føreslår avgifter som rammar dei hardast, seier vi nei. Det er ikkje berre ei politisk ueinigheit, det er eit spørsmål om sosial rettferd. Eg er skuffa over at regjeringa heller ikkje i år ser ut til å ville gjere noko med den økonomiske situasjonen til Avinor. Vi er heilt avhengige av å kunne fly i dette landet. Når Avinor slit, står både arbeidsplassar og beredskap i fare. Senterpartiet vil forsetje å presse på for at regjeringa skal ta ansvar. Senterpartiet kan ikkje akseptere dei uanstendige forholda i drosjenæringa. Sjåførar som jobbar lange dagar utan ei anstendig løn og rettar, og passasjerar som til stadigheit opplever uakseptable hendingar i drosjen, er ikkje Noreg verdig. Her kunne statsråden gjort mykje meir, f.eks. å følgje opp Stortingets eige vedtak om automatisk registrering av turar i taksameter, slik at vi kan få ein kvit økonomi i næringa. Senterpartiet har teke ansvar for heile landet, eit budsjett for neste år, men vi gjev oss ikkje her. Dei neste åra skal vi kjempe for vår politikk, og vi skal fortsetje å stå opp for folk i kvardagen. Eg inviterer resten av Stortinget til å verte med på dette arbeidet. Eg ønskjer alle saman ei riktig god jul.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
