Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 17. des 2025

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 17. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg er glad for at regjeringa og fiskeri- og havministeren følgjer opp Stortingets vedtak om Stad skipstunnel, slik at vi får ei framdrift. Eg synest det er trist at den same ministeren og Arbeidarpartiet ikkje ser kost–nytte-effekten i prosjektet. Dette er eit prosjekt som har stor betydning for miljøet. Det er sterke straumar, og båtar brukar mykje energi på å kome seg rundt. Det handlar om sikkerheit på grunn av vêr- og vindforhold. Det er utruleg viktig at vi med eit enkelt grep, som sjølvsagt er dyrt, kan få tryggleiken på plass. Det er i stor grad eit regionalbyggingsprosjekt. Det er ein ferdig salta og brøyta vinterveg som gjer at vi kan skape nye forbindelsar mellom både byar og landsbygder langs heile kysten, frå Bergen til Ålesund.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Geir Inge Lien (Senterpartiet) — Innlegg · 17. des 2025 — OverStortinget