Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 18. des 2025

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 18. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Komitéleiaren legg vekt på at Høgre i sitt alternative budsjett bl.a. styrkjer kommuneøkonomien, og fortel litt om kva det heilt riktig betyr for å kunne skape ein god skule, men ein stor del av vårt utdanningssystem er vidaregåande opplæring. Der er det fylkeskommunane og ikkje kommunane som har ansvaret. Høgre har ikkje funne noko rom for å vere med på satsinga i økonomien til fylkeskommunane, som fleirtalet i denne salen har gjort. Mitt spørsmål er: Kva er det som gjer at den logikken Høgre fører med omsyn til viktigheita av ressursar til kommunane knytt til grunnskulen, tydelegvis ikkje gjeld for vidaregåande skule og ikkje gjev grunn for noka satsing på vidaregåande utdanning?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat