Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Senterpartiets mål om eit samfunn med små sosiale og geografiske forskjellar krev innsats på alle politiske område, ikkje minst i utdannings- og forskingspolitikken. Noko av det som skil oss frå land med store interne geografiske forskjellar, er at vi sikrar barn og unge i alle delar av landet vårt eit trygt barnehagetilbod og eit godt utdanningstilbod nær der dei bur. Vi sikrar at vidaregåande opplæring i stor grad er desentralisert, og at fagskular, folkehøgskular, studiesenter, høgskular og universitet gjev rom for påfyll av kunnskap gjennom livet i både byar og tettstader. Sjølv om ein bur langt – ja, lenger enn langt – frå hovudstaden vår, har ein likevel likeverdige utdanningstilbod av god kvalitet. Barnehagen er det første møtet barna har med fellesskapet. Alle skal ha råd til å gå i barnehage. Difor er det viktig at vi vidarefører historisk låge barnehageprisar: 1 200 kr i månaden i sentrale strøk og 700 kr i dei minst sentrale kommunane er ein enorm kontrast til då FrP og Høgre styrte. Då måtte barnefamiliar ut med over 3 000 kr for eitt barn. Gjennom dette grepet styrkjer vi også kvardagsøkonomien til barnefamiliane. Vår mangfaldige barnehagesektor er ein styrke. Gjennom den sikrar vi eit desentralisert tilbod og eit mangfald av tilbod. I den samanhengen er det viktig å nemne at regjeringa har fått ein klar marsjordre om å følgje opp barnehageforliket. Eit fleirtal i Stortinget har bede regjeringa kome med ei søknadsordning som dekkjer dokumenterte pensjonskostnader og sikrar føreseielegheit og tryggleik for denne sektoren. Det fleirtalet er det same i dag. Heilt grunnleggjande for vår lokale velferd er kommuneøkonomien. Difor har Senterpartiet sikra nye milliardar i frie inntekter til kommunane og fylkeskommunane. Frie inntekter går til dei viktige velferdstenestene innbyggjarane er heilt avhengige av, og kommunane veit kvar skoen trykkjer. Difor har vi også redusert øyremerkinga og det statlege styringstrykket. Vi løftar òg høgare utdanning i heile landet. Det er ein verdi at utdanning er tilgjengeleg i nært samspel med lokalsamfunn og næringsliv. Slik sikrar vi kompetanse for næringsliv og offentlege tenester i alle delar av landet og utan at folk må reise over berg og blånar for å skaffe seg den kunnskapen dei treng. Den 1. januar 2026 blir ein historisk dato. Då trer eit av dei største personretta verkemidla i distriktspolitikken i nyare tid i kraft. Fleire tusen innbyggjarar i dei minst sentrale kommunane våre får sletta studiegjeld – legar, røyrleggjarar, lærarar og industriarbeidarar, folk og kompetanse vi treng for å byggje sterke lokalsamfunn. Skal vi sikre busetjing i heile landet vårt i ei tid med sterke sentraliseringskrefter, må vi tore å tenkje nytt og stort. Det har vi gjort med dette tiltaket. Denne hausten blei det mykje uro og bråk kring denne ordninga då Arbeidarpartiet prøvde å svekkje ho – stikk i strid med eigne valløfte. I ettertid såg vi kva engasjement dette utløyste, og regjeringa blei nøydd til å rydde opp. Til slutt nokre viktige enkeltsaker i budsjettsemja og budsjettet sett frå Senterpartiets side: Fagskulane blir styrkte. Dei byggjer viktig lokal fagkompetanse. Studiestøtta og bortebuarstipendet skal justerast etter grunnbeløpet i folketrygda. Det er ein siger for elev- og studentrørsla og eit viktig bidrag til sosial rettferd, og det legg betre til rette for at dei som tek utdanning, vonleg kan leve lykkeleg alle sine dagar. Arbeidarparti-regjeringa ville redusere stipendandelen til folkehøgskuleelevane, men den gong ei. Fleirtalet har sikra stipend som før. No er det viktig at folkehøgskulane slepp slik usikkerheit i tida framover, slik at dei heller kan fokusere på å utvikle det unike skuleslaget sitt som vi ser utviklar samfunn og elevar. Vi sikrar vidareføring av FORREGION i statsbudsjettet. Det gjer at forsking og innovasjonssatsing i lag med næringslivet framleis kan skje rundt om i alle delar av landet. Dette budsjettet vidarefører viktige distriktspolitiske grep, det styrkjer kommuneøkonomien, og det bidreg til utvikling i heile Noreg. Vi vil frå Senterpartiet si side takke partia vi har laga budsjett i lag med, og kjem samtidig til å vere utolmodige og forlange handling på dei områda regjeringa ikkje har følgt godt nok opp.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
