Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
På ingen måte. Vi står heilt fast ved det vi vedtok i oktober, og også det som er ein sentral del av barnehageforliket, nemleg å sikre likeverd og sikre at private barnehagar får dekt pensjonskostnadene sine. Her har regjeringa fått eit heilt klart oppdrag, som dei må levere på. Eit fleirtal i denne salen har vore heilt tydeleg i dette spørsmålet, men det er jo ikkje slik at vi skal sitje her i salen og lage den forskrifta. Slik er ikkje systemet vårt innretta, så her opplever eg at replikanten rettar litt bakar for smed, for å bruke eit omgrep frå eventyra våre. Det er Arbeidarpartiet som sit i regjering, og som har ansvaret i denne saka.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
