Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er jo ikkje slik systemet vårt fungerer. Det er ikkje slik at vi vedtek ein sum i denne sal, og så sender vi eit spørsmål til regjeringa om ein kan utforme ei forskrift ut ifrå ein sum fleirtalet akkurat det året har landa på. Det må jo skje i motsett rekkjefølgje. Det har vore på høyring eit forslag kring korleis denne ordninga skulle byggjast opp. Frå Senterpartiets side har vi vore heilt tydelege på at vi meinte det høyringsforslaget ikkje var dekkjande, verken for det stortingsfleirtalet sa i oktober, eller for det som var innhaldet i barnehageforliket.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
