Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Nei, det er eg ueinig i. Det er ein tendens i Høgres retorikk at ein stadig vekk seier at ein føresetnad for samarbeid er EU-medlemskap eller ei veldig omfattande EØS-avtale, men det er jo ikkje slik at europeisk samarbeid oppstod der. Det er framleis mogleg, og var jo mogleg også før desse avtalane, å ha eit samarbeid om forsking og kunnskapsutvikling. Det er Senterpartiet for. Sjølvsagt skal vi gjere det. Vi anerkjenner det viktige arbeidet mange norske bedrifter har gjort med å utnytte desse ordningane, men det er riktig å ta med at vi også bidreg med betydelege midlar inn i EØS-området gjennom den avtaletilknytinga vi har, så dette er ikkje eit eksempel på at pengar flyt berre éin veg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
