Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 18. des 2025

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 18. desember 2025 kl. 10

Innlegget

To moment: Det fyrste er at vi må styrkje økonomien i kommunane og fylkeskommunane ytterlegare. Det er viktig både for å kunne oppretthalde eit desentralisert tilbod og også for kvaliteten i utdanningstilbodet som blir gjeve. Difor er det å tilføre denne sektoren meir frie midlar, sånn at ein kan utforme eit heilskapleg og godt utdanningstilbod, prioritet nummer éin. Punkt nummer to: Når ein får slike tilfelle der det er private krefter som ønskjer å starte ein skule, skal privatskulelova ha den ventilen som gjer det mogleg å gjere det. Vi meiner at den saka representanten viser til her no, blir ein prøvestein for den lova, og også for det Senterpartiet har lagt i den lova. Vi meiner dette er eit godt eksempel på at ein region som står i fare for å misse heile utdanningstilbodet sitt, no kan få det oppretthalde på grunn av eit sterkt folkeleg engasjement frå både folk og næringsliv.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Erling Sande (Senterpartiet) — Replikk · 18. des 2025 — OverStortinget