Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Historisk kom både Senterpartiet og Venstre frå den same politiske bevegelsen. Då stod kampen mot embetsmannsstaten sterkt, og tilsvarande kampen for det lokale sjølvstyret. I fleirtalsframlegget som vi behandlar her i salen i dag, er eitt av dei grepa vi gjer, å ta ned graden av øyremerking og styrkje det lokale sjølvstyret ved å redusere styringstrykket. Eg skal ikkje utfordre Venstre på det, men Venstre har ein tendens til å framstille det sånn at skal ein ha ei satsing, må det følgje øyremerkte statlege midlar med den satsinga. Det viser ganske lita tru på det lokale sjølvstyret. Eg skal heller ikkje utfordre representanten på det byråkratiet dette medfører, men eg har lyst til å spørje om følgjande: Ser ikkje Venstre at den auka bruken av øyremerking og overstyring, f.eks. på utdanningsnivået, kan føre til mindre treffsikker bruk av ressursar lokalt, og at lokalpolitikarar i større grad abdiserer frå dette viktige utdanningsområdet?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
