Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Men om kommunane og fylka har ein pressa økonomi, er det jo berre eitt svar på det, og det er å styrkje økonomien, slik at ein gjev kommunane og fylka moglegheit til å prioritere også dette området. Eg vel å overhøyre kommentaren om at ein lokalt i Senterpartiet ikkje prioriterer skule, for det gjer ein – høgt. Det som er riktig som representanten påpeiker, er at krevjande økonomi kan vere utfordrande, men skal svaret på det vere stadig fleire og større statlege øyremerkte ordningar, så løyser ein jo ikkje det problemet på sikt. Tvert om gjev ein færre kommunar moglegheita til å styre ressursane dit ein føler dei trengst, og det kan variere langs fleire aksar og på fleire politiske område. Så spørsmålet er igjen: Kvifor er det slik at Venstre ikkje har tillit til at lokale politikarar vel å prioritere viktige satsingar innanfor utdanning dersom dei får dei økonomiske rammene til å gjere det?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
