Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 18. des 2025

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 18. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg hadde eigentleg same spørsmål som representanten Tybring-Gjedde. Når statsråden siterer Grunnlova, trur eg at eg skal nøye meg med å seie at det er få ting som er så grunnleggjande i vårt politiske styre som at regjeringa følgjer opp det eit fleirtal på Stortinget seier. Så det føreset eg at regjeringa gjer også i saka om pensjonskostnader for private barnehagar. Så må eg følgje opp ein tråd frå ei tidlegare replikkveksling her i dag, knytt til privatskulelova. Eg skal ikkje spørje konkret om saka i Gudbrandsdalen, eg veit ho er til behandling og er anka inn for statsråden, men på generelt grunnlag: Er statsråden einig i at dagens privatskulelov ikkje skal gje fylke og kommunar veto når det gjeld oppretting av eit privat skuletilbod?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat