Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Dei demografiske utfordringane vi står framfor, rammar ulikt. Eit svært viktig grep som Senterpartiet og Arbeidarpartiet lanserte for noko over eit år sidan, handlar om nedskriving av studielån for å sikre rekruttering og kompetanse til dei områda i landet der dei demografiske utfordringane er størst. Men då ordninga langt om lenge kom, etter forslag frå regjeringa, var det noko heilt anna enn det veljarane var førespegla i valkampen, også av Arbeidarpartiet sine eigne kandidatar rundt omkring. Ein kan vel seie at dei hadde selt skinnet før bjørnen var skoten. Spørsmålet mitt til statsråden er det følgjande: Etter all uroa som oppstod då regjeringa lanserte denne saka, og etter den retretten Arbeidarpartiet har gjort, kan folk rundt i heile landet no vere sikre på at ordninga om nedskriving av studielån kjem til å bestå?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
