Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 18. des 2025

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 18. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Også eg er nysgjerrig på å høyre svaret frå statsråden på spørsmålet frå Velle. Så tok eg ordet no for både å takke for ein god debatt og ha ein visitt til FrP i denne debatten – m.a. til det verkelegheitsbildet ein teiknar av norsk skule. Det er ikkje fordi eg er ueinig i alt FrP kjem med, for det klårt at Senterpartiet òg er opptekne av nedgangen i skuleresultat, trivselsutfordringar og ikkje minst at færre opplever meistring. Vi synest òg dette er svært alvorleg, men med fare for å verke litt sånn som sjuande far i huset og vise til historia: Dette starta jo ikkje då Arbeidarpartiet og Senterpartiet gjekk inn i regjering i 2021. Det starta lenge før det. Det starta berre nokre år etter at Høgre og FrP lanserte sitt prestisjeprosjekt: kunnskapsskulen – med fleire timar, meir teori, meir stillesitjing og meir testar og prøver. Grunnen til at eg tek det opp, er at eg kunne ønskje meg eit litt meir sjølverkjennande FrP i debatten. Eg trur ein må vere villig til å ta eit oppgjer med den politikken ein over tid har stått for, viss vi skal kunne tenkje nytt kring norsk skule og kome vidare med tenkinga om korleis vi sikrar at elevane framover opplever meir meistring i skulen, slik at vi får snudd dei grafane som no peikar nedover. Senterpartiet har peika på behovet for ein praktisk skule, for det kan ikkje vere sånn at det berre er dei elevane som er teoristerke, som skal oppleve meistring. Då treng vi nettopp å ha meir fleksibilitet. Vi treng å ha fridom for skuleeigar og skuleleiing til å finne gode lokale opplegg for desse elevane – og for alle elevane. Vi trur òg at det starta lenge før. Den frie leiken skulle jo ha ein plass i skulen då seksårsreforma blei innført, men han fekk ikkje nokon plass, iallfall ikkje god nok plass, i skulen. Det trur vi heller ikkje nødvendigvis har tent elevane våre. Den frie leiken er òg viktig når ein skal utvikle evner både fagleg og sosialt. Eg håpar at denne runden, og andre rundar vi har hatt og skal ha framover, der vi debatterer utdanningspolitikk, vil gje oss moglegheit til kanskje å stake ut ein ny kurs, der vi får gjort viktige endringar i norsk skule som snur ein del av dei utviklingstrekka vi no ser.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat