Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Representanten Strifeldt snakkar om føreseielege vilkår for næringsdrivande. I Noreg finst det tusenvis av bønder som gjennom sine faglag har inngått ein avtale med norske myndigheiter, ein avtale som sikrar dei føreseielege vilkår. I Noreg er det eit viktig prinsipp at avtalar skal haldast. Framstegspartiet kuttar nærmare 4 mrd. kr til formålet i sitt budsjett. Eg har registrert at både FrP og representanten Strifeldt opptrer som ein papegøye som gjentek retorikken til Norsk Bonde- og Småbrukarlag, men politikken minner meir om noko som kunne vore henta frå den liberale tankesmia Civita. Er det ikkje viktig for FrP å sikra føreseielege vilkår for næringsdrivande?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
