Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 19. des 2025

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte fredag den 19. desember 2025 kl. 9

Innlegget

Senterpartiets næringspolitikk byggjer på norsk eigarskap, privat eigarskap og spreidd eigarskap. Me vil byggja ein føreseieleg og aktiv næringspolitikk. Difor var det viktig i budsjettavtalen at me sikra føreseielege vilkår for petroleumsnæringa og leverandørindustrien i Noreg. Det er viktig at me har føreseielege rammevilkår for oppdrettsnæringa vår og for dei mange store og små bedriftene i Noreg. Senterpartiet meiner at me i denne perioden må jobba for å få ei betre eigar- og bedriftsskattlegging i Noreg. Senterpartiet står inne for budsjettavtalen og meiner det er ein god og viktig budsjettavtale, men det hindrar ikkje at det er vesentlege veikskapar med den næringspolitikken regjeringa fører. Senterpartiet er sterk motstandar av næringsforbod. Med dagens Ap-regjering ser me næringsforbod på løpande band. Det er bestemt at rekefiskarane i Oslofjorden skal få næringsforbod. Ein skal ikkje forvalta ut frå bestand, ein skal innføra næringsforbod. I går hadde me ei sak der det vart næringsforbod for den norske torvindustrien. Ja, torv kan forureina, men det verkar som det for Arbeidarpartiet er sånn at viss ein berre flyttar utsleppa ut av landet, er det ein annan atmosfære enn den norske som vert forureina. Næringsforbod er ein dårleg idé for ein god næringspolitikk, og det er dårleg klimapolitikk. Me veit òg at fiskeriministeren jobbar med endringar i regelverket for at det skal verta enklare å eksportera laks og annan fisk direkte til utlandet for tilarbeiding. Det er Senterpartiet sterkt kritisk til. På næringsfeltet veit me at Billerud Viken har venta lenge på utsleppstillating for å gjera store og viktige investeringar i norsk skogsindustri. Me har hatt saker om at Norske Skog vert straffa i kvotesystemet fordi dei har vore gode til å kutta utslepp. Ein sånn næringspolitikk kan me ikkje ha. Det ein må byggja på vidare, er at ein må koma vidare frå festtalane og dei store orda og over til konkret politikk som sikrar verdiskaping i Noreg. Ein må verta mindre oppteken av at EU og Klima- og miljødepartementets byråkratar skal vera fornøgde, og i større grad koma næringsdrivande i møte. Sånn er det òg med landbruksministeren, som innførte ein skyhøg auke i CO2-avgifter for norske veksthus, veksthusbøndene som ikkje har nokon alternativ. Ja, det er sånn at viss me importerer meir tomatar og agurkar til Noreg, går klimagassutsleppa i Noreg ned, men det er framleis dårleg næringspolitikk å gjera det. Me såg òg at regjeringa føreslo avgift på kunstgjødsel. Det ville ha vore eit målretta kutt i norsk matproduksjon, og det ville ha flytta produksjon og utslepp ut av landet. Me såg òg at landbruksministeren ikkje ønskte å ha eit beredskapstilskot for næringsmiddelindustrien i nord. Eg er glad for at me klarte både å stoppa kuttet og å få til ei satsing på det feltet i budsjettavtalen. Det er uforståeleg kvifor landbruksministeren tenkte at det fekk halda at me har beredskapslagring av matmjøl i Sør-Noreg – og ikkje i Nord-Noreg. Senterpartiet synest det er ein dårleg idé, og me er veldig glade for at me klarte å reversera det. Min beskjed til regjeringa er at me står inne for budsjettavtalen, men skal me få næringsutvikling og verdiskaping i Noreg, må det ei heilt anna tilnærming til på dei enkelte felta. Klimaavgifter og næringsforbod er ikkje noko me kan leva av i framtida. Det er ikkje klimaavgifter og næringsforbod som er den nye olja.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat