Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Senterpartiet hadde ei styrking av nettolønsordninga i sitt alternative budsjett. Det fekk me ikkje gjennomslag for i forhandlingane. Sånn er det. Eg har lyst til å knyta ein kommentar til FrP. Me har hatt ei anna sak som har vore viktig for norske sjøfolk, nemleg saka om norske løns- og arbeidsvilkår, prinsippet om at norske løningar skal gjelda – anten arbeidet skjer på land eller på sjø – i det som er Noreg. Der såg me at FrP svikta, og det har me sett gong på gong: Det er store ord frå FrP, men når det verkeleg gjeld å stå opp for norske sjøfolk og det kjem litt motstand, då bøyer FrP av.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
