Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 19. des 2025

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte fredag den 19. desember 2025 kl. 9

Innlegget

I budsjetteinigheita ligg det ei satsing på skog frå partia. No veit eg at skog er feltet til landbruksministeren, men det heng òg saman med skogindustri. Senterpartiet og Arbeidarpartiet har tidlegare stått saman om eit grønt industriløft. Det har me sett veldig lite til. Det verkar no som at kvar aktivitet som kan påverka det ytre miljøet, ønskjer ikkje Arbeidarpartiet å gå inn for, og at ein nærmast har tru på eit industriløft med arbeidsfolk i dress og ikkje eit industriløft for arbeidsfolk i kjeledress. Me veit at Billerud Viken, eit svært investeringsprosjekt, ikkje får svar frå regjeringa. Norske Skog får ikkje svar, dei ventar. Då er spørsmålet mitt: Kan me venta oss ei satsing på norsk skogindustri og eit grønt industriløft frå regjeringa?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat