Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 19. des 2025

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte fredag den 19. desember 2025 kl. 9

Innlegget

Eg håpar landbruksministeren er fornøgd med budsjetteinigheita, for han ville ha kunstgjødselavgift, og det vart vraka i budsjetteinigheita. Landbruksministeren ville ha eit avgiftssjokk for gartnarar med drivhus. Det vart halvert i budsjetteinigheita. Landbruksministeren ville kutta støtta til beredskap for næringsmiddelindustrien i nord. Det vart stoppa i budsjetteinigheita, og ein tilførte det i staden meir pengar. Landbruksministeren ønskte å kvitta seg med beredskapslagring av matmjøl i Nord-Noreg. Det vart stoppa i budsjetteinigheita. I tillegg har budsjetteinigheita fått på plass meir pengar til Mattilsynet, pengar til Dyrsku'n, pengar til veterinærdekning og pengar til skog. Det vil i nysalderinga òg koma pengar til investeringar i fjøs. Så mitt spørsmål er: Vil landbruksministeren fortsetja å basera seg på at Senterpartiet og dei andre partia ryddar opp i budsjettavtalar, eller vil det begynna å koma offensiv landbrukspolitikk òg frå landbruksministeren?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat