Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Sjølvsagt har budsjettet vorte betre gjennom Senterpartiets medverknad. Det har vorte viktige satsingar, men me har òg teke tøffe kutt og har vore villige til å vera med på det. Når me etterlyser offensivitet og tydelegheit frå regjeringa i landbrukspolitikken, i fiskeripolitikken og i næringspolitikken, er det fordi me meiner det er viktig. Me ønskjer eit tydelegare fokus på verdiskaping, og ikkje minst ønskjer me ei sterkare vektlegging av beredskapen. Det er viktig for bonden, det er viktig for fiskaren, det er viktig for arbeidsfolk, men fyrst og fremst er det viktig for folk at me har ein beredskap. Som det er sagt tidlegare, handlar det om at det skal lysa i stille grender, men det handlar òg om at me skal ha mat i krise og krig, og då kan me ikkje venta til det er krise og krig med å satsa på dette. Vår kritikk mot regjeringa i denne debatten er knytt til ein passivitet der ein er oppteken av å kutta utslepp gjennom å flytta utslepp. Denne budsjetteinigheita endrar ikkje vårt standpunkt når det gjeld det. Eg har lyst til å knyta ein kommentar til at det er ein stor forskjell mellom budsjettforliket og det høgresida hevdar. Talgrunnlag i jordbruket har òg vore diskutert her, og det ligg til grunn for ei satsing på landbruket. Eg synest det er ganske oppsiktsvekkjande når Framstegspartiet er så oppteke av dette, for realiteten er at Framstegspartiet – på same måten som fargerike fjørkledde dyr – eigentleg berre gjentek bodskap dei har høyrt. Dei snakkar om talgrunnlag, om ærlege tal, men det er ikkje noko innhald i det. Det er oppsiktsvekkjande at Framstegspartiet er villig til å påleggja frisørar, snikkarar og andre næringsdrivande i Noreg å begynna å registrera inn til staten kor mange timar dei jobbar, for å ha eit samanlikningsgrunnlag med inntekta til bøndene. Framstegspartiet vil ha det som grunnlag for å samanlikna med inntekta til jordbruket. Det synest eg er snedig gjort. Realiteten er at Framstegspartiets politikk, som ligg i budsjettet deira, liknar mykje mindre på politikken til Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag enn den gjer på politikken til Civita, altså den liberale tankesmia. Dei som trur at me får styrkt matberedskap i Noreg gjennom politikken til FrP, tek feil, og det viser dette budsjettframlegget svært, svært tydeleg. Då vil eg ønskja alle ei god jul – og hugs: Kos dykk med mykje god, norsk julemat!
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
