Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er dessverre ikkje whisky-stemma eg snakkar med i dag. Noreg må styrkja den industrielle ryggrada si og gjera industrien, som i mange tilfelle allereie er verdas grønaste, utsleppsfri. Noreg må unngå å kopiera EUs feil, der særleg dei høge energikostnadene har ført til avindustrialisering. Det ville gjera oss svært sårbare i ei tid med auka geopolitiske spenningar. Industripolitikken må sørgja for å ta vare på den industrien me har, og samtidig investera i grøne løysingar som vil sikra konkurransekrafta for framtida. Då er det mykje å ta fatt i. For det fyrste må industrien sikrast låge kraftprisar. For det andre må me få fart på den grøne omstillinga av norsk næringsliv og industri. Då må me bruka heile verkemiddelapparatet. Her må staten gjennom direkte og indirekte eigarskap, og som ein tilretteleggjar for aktivitet i det norske samfunnet, vera med på å gjennomføra dei tiltaka som trengst. SVs alternative statsbudsjett føreslår å styrkja heile verdikjeda for utsleppsfri industri i Noreg. Det finst i dag nokre få, relativt få, punktutslepp rundt om i landet som har store utslepp. Samtidig går det tapt store mengder energi i form av spillvarme. Dersom staten bidrar til koordinering og investering i infrastruktur, kan omstillinga av norsk industri skje på ein måte som er til beste for både samfunnet og naturen. Arbeidet med å utvikla ei verdikjede for CO2-handtering må ikkje stoppa opp før heile prosess- og avfallsindustrien i Noreg har moglegheit til å bli utsleppsfri. SV føreslår å setja fart på arbeidet med å utvikla industriklyngjer i ulike delar av landet, der CO2 frå dei største utsleppspunkta i Noreg kan fangast, transporterast og lagrast på norsk sokkel. Fiskeri, og særleg kystfiske, er ei norsk hjørnesteinsnæring. Her trengst det langt meir innsats for å sikra sysselsetjing og verdiskaping. Utgangspunktet for forvalting av ressursane i havet er enkelt: Havet er eigedomen til fellesskapet, og nærleik til ressursane i havet gjev rett til å hausta av det. Allemannseiget av havet er likevel stadig under press. Retten til å fiska blir samla på stadig færre hender. Ein felles ressurs og rett har blitt til ei handelsvare. Samtidig er havbruk framleis langt unna å vera berekraftig. Langs kysten er det mange som opplever at gode fiskeområde er svekte etter inntoget til havbruket. SV er kritisk til den førande politikken for oppdrettsnæringa. Forureining frå oppdrettsanlegg truar fjordane, og rømt laks og lakselus truar villaksstammane. Heller enn dagens system for oppdrettsløyve, der den som kan betala mest, får nye løyve, må me få eit system der løyve blir gjeve til anlegg som kan dokumentera at dei er forureiningsfrie, der dyrevelferda er god, og der avfall blir behandla som ein ressurs. SV vil ta havet tilbake, og me vil ta jorda i bruk. Jordbruk og skogbruk skal skaffa oss mat og råvarer til industri og er grunnlag for sysselsetjing og verdiskaping i lokalsamfunn over heile landet, men det trengst langt meir innsats for at det skal skje. Då må all matjord i heile landet haldast i hevd og dyrkast. I ein usikker klima- og verdssituasjon treng me langt høgare sjølvforsyning i både mat- og fôrproduksjon. Me må vekk frå den rådande tanken om at verdsmarknaden kan levera alle varer i tide. Difor trengst det eit landbruk over heile landet, der maten blir produsert på norske arealressursar. Det er bra for miljø, solidaritet og beredskap. Skal me kunna auka matproduksjonen, må bonden ha ei løn å leva av. Samtidig må òg bønder ha velferdsordningar. SV vil at bønder skal ha like moglegheiter som andre til å ta ut fødsels- og foreldrepermisjon. I dag har ikkje 88 pst. av bøndene det – dei som har anna arbeid ved sida av gardsdrifta. På grunn av krav til samordning får dei redusert tilskotet til avløysar mot foreldrepengar og andre ytingar frå Nav. Det gjer at mange bønder må stella dyr og ta tunge tak i fjøset lenge før kroppen er klar for det. SV vil difor fjerna samordningskravet for fødselspengar og for dei fyrste 16 dagane. Det vil bidra til både likestilling og rekruttering i jordbruket.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
