Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 19. des 2025

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte fredag den 19. desember 2025 kl. 9

Innlegget

Eg takkar for spørsmålet, for det gjev ei moglegheit til å slå fast at SV sjølvsagt meiner det me har meint heile vegen, nemleg at me treng eit slikt utval for å finna eit godt grunnlag for å berekna inntektene til bonden. Det har me meint heile tida, og det er ein del av kampen vår for eit riktig talgrunnlag for framtidige jordbruksforhandlingar. Så har Strifeldt sjølvsagt heilt rett i at me i dag kjem til å røysta motsett av det me meiner. Det står i innstillinga og er ein del av budsjettforliket. Så får me nye moglegheiter på nyåret, som eg ser fram til å utnytta, i lag med bl.a. representanten Strifeldt.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Ingrid Fiskaa (Sosialistisk Venstreparti) — Replikk · 19. des 2025 — OverStortinget