Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Ambisjonane regjeringa har for næring, innovasjon og gründerskap i Noreg, er eit av dei større og meir nedslåande vonbrota i budsjettet for neste år. Den mest næringsfiendtlege skatten i landet, formuesskatten, blir vidareført utan at ein er redd for ytterlegare kapitalflukt ut av landet, som har vore ein trend i fleire år. På same tid ser vi at berre to av dei 30 største bedriftene i Norden er norske, ein reduksjon frå 7 frå før finanskrisa. Svenske Spotify har gått forbi Equinor, og danske Novo Nordisk er meir verdt enn eit heilt dansk statsbudsjett. Det er heilt openbert eit stort tap for den norske økonomien at vi ikkje har slike store og framtidsretta verksemder som driv med andre ting enn berre naturressursar, og at dei som har gode idear her til lands, må ut av Noreg for å finne rammevilkåra som må til for å byggje opp ei bedrift i ei moderne tid og i ein global økonomi. På same tid bruker vi langt meir offentlege pengar per innbyggjar enn samanliknbare land, som Sverige og Finland, så pengar har vi i utgangspunktet nok av. Likevel greier vi ikkje å oppretthalde noko i nærleiken av det same nivået i privat verdiskaping, og overlevingsraten blant nye bedrifter er vesentleg lågare i Noreg. I tillegg held dei massive overføringane til utlandet fram i form av ein tvilsam bistandspolitikk som ikkje fungerer godt nok. Budsjettet viser også at drivstoff ikkje skal bli billigare i oljenasjonen Noreg, trass i at halve Europa har tatt grep dei siste åra for å hjelpe folk og næringsliv med utgifter til å dekkje grunnleggjande behov som transport. Sverige er blant landa som kutta i avgiftene på drivstoff, og der kunne ein fylle for litt over 14 norske kroner for berre nokre dagar sidan. Her i Noreg skryter Senterpartiet av at dei rett og slett har stansa ytterlegare auke i drivstoffavgiftene. Bensin og diesel skal altså ikkje bli billigare med Senterpartiet i budsjettforhandlingar denne gongen heller, sjølv om avgiftene til staten i dag utgjer rundt halve literprisen. Planane om CO2-avgift på fiske i fjerne farvatn går regjeringa også vidare med, etter å ha skrytt i valkampen av å ha utsett sin eigen politikk. Dette er ingenting anna enn ei heilt uforståeleg politisk prioritering. Regjeringa skapar eit system som gjer at fiskebåtar aukar dei totale CO2-utslippa sine når dei må reise til utlandet for å bunkre, noko som reduserer handelen i Noreg og bruken av norske bunkringsanlegg, som har ein vesentleg beredskapsverdi. Ein sikrar heller ikkje staten nemneverdige inntekter. På toppen av det heile greier ikkje regjeringa eingong i sine villaste dagdraumar å førestille seg kva slags utsleppsfrie drivlinjer fiskeflåten skal gå over til gjennom CO2-avgifta. Budsjettet for neste år viser at regjeringa ikkje bryr seg om å bake ei større kake, slik at alle nordmenn kan sitje igjen med eit større stykke til slutt. Regjeringa trur at næringsutvikling og innovasjon skjer av seg sjølv, og at dette er noko som alltid vil vere der, uavhengig av kva for politiske avgjerder som blir tatt her på Stortinget.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
