12. jun 202611:40· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Endringer i støtteprosessloven (registreringsplikt) (Innst. 441 L (2025–2026), jf. Prop. 91 L (2025–2026))
Kvart år blir det delt
ut fleire titals milliardar kroner i offentleg støtte, og trenden
er aukande under Arbeidarparti-regjeringa. Eit velfungerande og
opent støtteregister er viktig for å gi betre grunnlag for å kunne
evaluere ordningane. Openheit vil òg gjere det enklare å vurdere
om det er hensiktsmessig å gje støtte, om det bør kuttast, eller
om det bør gjerast andre endringar.
Denne lovendringa vil òg ha betydning for å
avverje bedrageri og bidra til å auke tilliten til det offentlege.
Det er òg ein fordel at pressa kan bruke Støtteregisteret i sitt
samfunnsoppdrag. Eit opent og meir komplett register vil gjere det
enklare å hente ut relevant statistikk og rapportering, og kaste lys
over ordningar med overlappande mål og diffuse kriterium.
Konkursen av Morrow, som fekk støtte i milliardklassa, er
eit tydeleg eksempel på risikoen ved at staten forsøkjer å plukke
ut vinnarar i næringslivet gjennom massive subsidiar. Når subsidiebruken
blir så omfattande som regjeringa over tid har lagt opp til, er
det viktig at det offentlege har innsyn i omfanget og mottakarane.
Eg ser positivt på at Støtteregisteret blir
lovfesta som eit offentleg register, all den tid ein ikkje pålegg
verken støttegjevarar eller støttemottakarar nye materielle plikter.
Openheit om bruk av midlane til fellesskapet er ein føresetnad for demokratisk
kontroll.
Eg vil òg understreke at eit av formåla med
lovendringa er å harmonere norsk praksis med EØS-regelverket for
like vilkår mellom landa vi handlar mest med. Eg ser òg lovendringa
i samanheng med at Økokrims leiing tidlegare i år har åtvara mot
eit aukande omfang av det dei kallar tilskotskriminalitet. Utnytting
og direkte misbruk av offentlege støtteordningar er et utbreitt
problem, òg for ordningar i næringslivet.
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
har anslått at det i 2018 eksisterte rundt 600 tilskotsordningar
som blei forvalta av 90 tilskotsforvaltarar. Ein gjennomgang med mål
om å redusere og forenkle denne tilskotsjungelen er heilt nødvendig.
Berekningar frå skatteetaten viser ifølgje Regnskap Norge at dette
forslaget kan medføre ei auka rapporteringsbyrde for små og mellomstore
bedrifter, under dette auka omfang av dobbelt- og trippelrapportering.
Ei medlemsundersøking frå NHO viser at fire av ti bedrifter i stor
eller ganske stor grad opplever dobbeltrapportering under forvaltningspraksisen
av i dag.
Difor vil FrP gjennomgå alle offentlege tilskotsordningar med
mål om å redusere antalet og forenkle tilskotsforvaltninga. Vi vil
og be regjeringa implementere lova slik at auka rapporteringsbyrde
berre blir lagd på sentralforvaltninga, og at dette må løysast gjennom
smartare digitale løysingar for å unngå auka byråkrati.
Eg tar opp forslaget Framstegspartiet er med
på.
10. jun 202613:17· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Harry Valderhaug, Ida Lindtveit Røse og Jorunn Gleditsch Lossius om helhetlige næringspolitiske rammer for ideelle gjenbruksaktører (Innst. 435 S (2025–2026), jf. Dokument 8:215 S (2025–2026))
Ideelle, kommersielle
og offentlege gjenbruksaktørar spelar ei viktig rolle i arbeidet
for auka gjenbruk og redusert avfall. Aktørane bidrar òg til arbeidsinkludering,
ofte med lokal forankring og klare sosiale formål.
Samtidig som vi har behandla denne saka, har
eg sjølv reparert ei vare. Då la eg merke til at reparasjonen kosta
nesten akkurat det same som å kaste vara, for så å kjøpe ho på nytt
i brukt tilstand. Utan moms ville forskjellen vore vesentleg. Tilpassingar
i meirverdiavgiftssystemet er eit tiltak som blir etterspurt av
fleire aktørar, og FrP erkjenner at det aukande presset på naturressursane
våre gjer at vi bør utnytte dei best mogleg og etterlate minst mogleg
avfall. I praksis blir meirverdiavgifta på gjenbruk ein kostnad
og eit hinder for miljø- og inkluderingsarbeid.
Difor vil FrP i denne saka be regjeringa om
oppdaterte rammevilkår. Momsfritak på gjenbruksvarer inngjekk i
vårt forslag, men det fekk vi dessverre ikkje gjennom i denne omgang.
Då støttar FrP heller forslaget om eit heilskapleg næringspolitisk
rammeverk for ideelle, kommersielle og offentlege gjenbruksaktørar,
for dette er ein sektor som i dag manglar nokre grunnleggjande rammevilkår.
Det finst ingen eigen næringskode, inga kvalifiseringsordning
tilpassa gjenbruksverksemd og ingen heilskapleg tilsynsmodell. Bransjen
blir då statistisk usynleg og vanskeleg å handtere politisk. Manglande
definisjon gjer det også vanskeleg å skilje seriøse aktørar frå
useriøse, noko som kan undergrave omdømet til heile sektoren.
Aktørane operer no i eit skjeringspunkt mellom
nærings-, miljø- og sosialpolitikk. Dei driv butikkverksemd og logistikk,
dei reduserer avfall og forlengjer levetida til produkt, og dei
tilbyr arbeidstrening, inkludering og frivilligfellesskap. Overskot
blir ofte reinvestert i samfunnsnyttige formål, og dei tilbyr arbeidstrening
for dei mange som treng det. Det meiner eg vi skal leggje til rette
for i større grad enn i dag.
4. jun 202615:49· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Julie E. Stuestøl, Frøya Skjold Sjursæther og Une Bastholm om strengere straff for dyrekriminalitet (Innst. 378 S (2025–2026), jf. Dokument 8:184 S (2025–2026))
Ein av dei tinga som
har overraska meg mest her på huset, er kor ofte eg skal stå på
denne talarstolen og vere einig med MDG. Det er eg også i denne
saka. Eg er heilt einig med representanten Bastholms innlegg.
Vi i FrP er krystallklare på at grov dyremishandling
må straffast strengare. Vi ønskjer eit samfunn som står på sida
til offeret, heilt uavhengig av om offeret har fire potar eller
to bein.
Dyrepoliti var ei av satsingane våre då vi
sat i regjering, og vi fekk dyrepoliti på plass. Den første pågripinga
var av ein mann som hadde flådd, mishandla og drepe ein katt. Som
følgje av arbeidet til dyrepolitiet blei det også avslørt at gjerningsmannen
hadde barneporno og fantaserte om både drap og valdtekt. Det kan
ein sjå i samanheng med forsking som er ganske klar på at personar
som utøver vald mot dyr, seinare ofte utøver vald mot menneske også.
I USA har ein difor kategorisert dyrekriminalitet til nest mest
alvorlege grad, nettopp fordi dei har sett at så mange av de grovaste
overgriparane også utøver dyremishandling.
Dessverre er straffene for grov dyremishandling
for låge, med ei strafferamme på maks tre år. Til samanlikning blir grovt
skadeverk på eigedom straffa med opptil maks seks år. Dersom gjenstandar
som har ein betydeleg historisk, nasjonal eller religiøs verdi,
blir skada, er strafferamma på heile 15 år. FrP meiner at det er
ein disproporsjonalitet når samfunnet tilsynelatande verdset gjenstandar
mykje høgare enn levande dyr. Det skal også vere ein samanheng mellom
strafferamma og rettsoppfatninga i befolkninga.
Ved å auke strafferamma skal vi både avskrekke
frå mishandling og auke den rettslege beskyttelsen til dyra. Vi
vil sende eit klart signal til samfunnet om at tortur av dyr er
heilt uakseptabelt. Det er bra at regjeringa tilsynelatande er positiv til
å auke strafferamma, men det er skuffande at vi ikkje får fleirtal
for å auke strafferamma for grov dyremishandling til seks år. Det
er ikkje logisk at skade på gjenstandar skal straffast strengare
enn kynisk skade, mishandling og tortur av dyr.
Heldigvis blir det fleirtal for ein total gjennomgang
av lovverket, der vår tydelege intensjon er å auke strafferamma, men
det er også viktig for oss å skilje mellom bevisst og vondskapsfull
mishandling av kjæledyr og typisk forsømming av husdyr. Bønder som
i ein periode kan få problem med å oppretthalde god dyrevelferd
grunna sjukdom eller anna, skal ikkje straffast hardare enn i dag.
Målet vårt er å treffe dei som med vitande
og vilje skadar dyr. Dyra har nemleg inga eiga stemme og er heilt
avhengige av oss menneske. Både dyr og menneske fortener å bli tekne på
alvor. At FrP går i front for skjerpa straffar, vil vere viktig for
å førebyggje overgrep også mot menneske. Både to- og firbeinte fortener
tryggleik i kvardagen.
4. jun 202614:40· Innlegg
Møte torsdag
den 4. juni 2026 kl. 10
Forslaget vi no behandlar
om styrking av norsk matberedskap, er eit viktig forslag med gode
intensjonar. FrP er også bekymra for norsk matberedskap, men vi
meiner forslaget frå Senterpartiet ikkje treff dei viktigaste utfordringane
eller har dei beste verkemidla. Kvoter og merkeordningar er ikkje
godt nok svar på reelt sårbare forsyningskjedene.
Det er viktig å styrkje den nasjonale evna
til beredskapslagring innanfor alle relevante område i krise og
krig. Forslaget peikar på viktige område der ein må styrkje den
nasjonale beredskapen, men matberedskap handlar om veldig mange
fleire element enn det forslaget tek opp. Det har f.eks. gått meir
enn fire år sidan fullskalainvasjonen av Ukraina, og langt meir
av det nasjonale beredskapsbehovet burde vore innfridd.
Alle aktørane i heile verdikjeda frå jord til
bord har ei samfunnskritisk rolle i krise og krig. Regjeringa har
ansvar for å sørgje for at alle ledd i kjeda blir ivareteken. Tidlegare blei
personell med nøkkelfunksjonar i verdikjeda fritekne frå militærteneste
og mobiliserte i nøkkelrollene. I dag risikerer ein at same person
kan ha fleire viktige funksjonar dersom det blir krig. Matberedskap
handlar også om heile verdikjeda – frå råvaretilgang og foredling
til lagring, transport og distribusjon. Eitt sårbart ledd kan få
konsekvensar for heile systemet.
Difor er FrP godt nøgde med at våre forslag
blir vedtekne og har stor støtte i komiteen. I dei politiske debattane
om matberedskap har det vore mykje snakk om Finland og kor framoverlente
og dyktige dei er på dette feltet. No blir det endeleg fleirtal
for å lære av Finland og kopiere den finske modellen. Det er gledeleg
at det no også er einigheit om å etablere beredskapslagre med kritiske
innsatsfaktorar til matproduksjon etter den finske modellen.
Det er også svært gledeleg at det er breitt
fleirtal på Stortinget for å be regjeringa utarbeide avtalar med
daglegvarekjedene, kommunane og Forsvaret om korleis ein kan etablere
beredskapslagre for mat i heile Noreg.
Desse grepa og vedtak vi gjer i dag, vil utan
tvil bidra positivt og sikre betre matberedskap i Noreg, noko som
også vil vere avgjerande viktig for det norske folk i både krise
og krig.
Eg tek til slutt opp forslag nr. 1.
4. jun 202614:14· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Une Bastholm, Frøya Skjold Sjursæther, Margit Bye og Marius Langballe Dalin om å ta vare på gjenværende naturskog og styrke miljøhensyn i skogbruket (Innst. 411 S (2025–2026), jf. Dokument 8:262 S (2025–2026))
Til tross for mange
negative konsekvensar er det dessverre brei politisk einigheit om
at fossile ressursar skal fasast ut. Heldigvis er skogressursane
i Noreg utpeikte som ein berebjelke i omstillingsprosessen. Likevel
kjenner kanskje ikkje alle den reelle CO2-politiske effekten
av skogbruket.
Noregs samla hogstvolum i 2025 kunne nemleg
fylle ein 15-felts motorveg tettpakka med tømmerbilar frå Larvik
til Trondheim. Kvar tømmerbil er lasta med 40 tonn bunden CO2,
og ein kø av alle desse tømmerbilane svarar til 15 millionar tonn
bunden CO2. Prestisjeprosjektet Langskip, som skal fange
og lagre CO2, har til samanlikning eit mål om karbonbinding
som i første fase utgjer rundt 10 pst. av lasten på tømmerbilane,
på sikt kanskje 30 pst.
Det er difor ein kuriositet at MDG, som er
så enormt opptekne av CO2-utslepp, av alle ting ikkje
ser den lagra solenergien i tømmeret som meir verdifull, spesielt
når areala der vi høgg skog, vil få ny skog som veks seg fram på
same plass.
Ein stor del av tømmerproduksjonen i Noreg
blir til treverk til bygg som bind karbon i heile levetida til bygget.
Noko av tømmeret blir til kortvarige produkt som tørkepapir, posar og
liknande, men alle produkt har til felles at dei erstattar alternativ
med høgare CO2-utslepp. Som om det ikkje var nok, vil
treprodukta bli resirkulerte etter konsum og blir til sjuande og
sist nytta til varme i varmeanlegg. For tredje gong gjev altså det
same treet ein stor CO2-politisk effekt ved å erstatte
eksempelvis importert kolkraft til oppvarming.
Eg merker meg at nemninga naturskog gjev assosiasjonar
til urskog og uberørte økosystem, men i realiteten dreier det seg
om ein stor andel areal som i generasjonar har vore ein del av norsk
skogbruk. Denne «naturskogen» har berre ikkje vore hogd sidan andre
verdskrigen. Skog er ikkje som ein kornåker ein haustar frå kvart
år. Skog blir hogd omtrent ein gang kvart hundreår for å forsyne
industrien med viktig fornybart råstoff. Sjølvmotseiinga frå MDG
om at produksjonsskogen plutseleg og på magisk vis får status som
fantastisk naturskog så snart han er moden for hogst, er skogfagleg
interessant.
Aktiv skjøtsel er nødvendig for å sikre robuste
og tilpassingsdyktige skogar og kan forhindre skadar frå storm,
tørke og insektangrep. I fleire tiår har vi bygd opp ein effektiv
modell basert på samspel mellom lovverk, sertifisering og frivillig
vern. Det har gjeve gode miljøresultat, høg legitimitet og lite
konflikt. Konsekvensane av MDGs politikk vil her vere mindre karbonopptak,
mindre tilgang på berekraftige råvarer og auka import.
Dette er miljøpolitikk i grøn innpakning med
kolsvarte konsekvensar.
4. jun 202613:52· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Geir Pollestad om fleksibel innføring av ny gjødselforskrift og Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tor André Johnsen, Rune Midtun, Pål Morten Borgli, Morten Kolbjørnsen, Bjørnar Laabak, May Helen Hetland Ervik og Kristoffer Sivertsen om gjødselbrukforskriften (Innst. 427 S (2025–2026), jf. Dokument 8:195 S (2025–2026) og Dokument 8:224 S (2025–2026))
Det store fleirtalet
av parti i Noreg ønskjer auka matproduksjon i Noreg og auka sjølvforsyning.
Det er bra, og det meiner sjølvsagt Framstegspartiet også, sjølv
om vi har andre verkemiddel for å nå måla enn dei fleste andre parti.
Løysinga er ikkje berre å dele ut meir pengar og påføre bøndene
fleire og fleire ukritiske klimatiltak. Løysinga er deregulering,
liberalisering og å fokusere på auka matproduksjon, ikkje dure på
med ukritiske klimakrav som bidreg til både mindre og dyrare mat.
Det er nettopp det som er poenget og problemet
med den nye gjødselbrukforskrifta. Den vil føre til dyrare mat og
mindre matproduksjon i Noreg. Klimakrav kan ikkje og skal ikkje stå
i vegen for verken matsikkerheit eller matberedskap.
Saka om gjødselbrukforskrifta er diverre eit
godt eksempel på korleis festtalane om auka norsk matproduksjon
frå både regjeringa og andre parti på venstresida ikkje harmonerer
med politikken dei fører i praksis.
Eg har ikkje møtt nokon bønder som er positive
til den nye forskrifta. Tilbakemeldinga vi får frå næringa, er at
krava til redusert gjødsling fører til mindre og dårlegare avlingar. Fleire
bønder seier dei ved full effekt av den nye forskrifta vil bli tvinga
til å halvere produksjonen eller kutte drastisk. For økologiske
bønder er situasjonen endå verre. Dei har gjerne ikkje noko alternativ
til gjødsel enn naturleg møkk, og fleire økologiske bønder vi har
snakka med, vurderer til og med å gje seg dersom dagens forskrift
ikkje endrast.
Same korleis ein vrir og vender på det, vil
den nye forskrifta føre til dyrare mat eller redusert matproduksjon.
FrP er tydeleg på at det blir feil, og at det einaste riktige er
ikkje å innføre den nye gjødselbrukforskrifta.
2. jun 202612:17· Innlegg
Innstilling frå næringskomiteen om Samtykke til ratifikasjon av frihandelsavtale mellom EFTA-statene og MERCOSUR av 16. september 2025 (Innst. 406 S (2025–2026), jf. Prop. 46 S (2025–2026))
Målet med frihandelsavtalen
med MERCOSUR-landa er å stimulere til auka samhandel og økonomisk
samarbeid, samtidig som handelsforholdet blir utvikla på ein måte
som ivaretek norske interesser, som f.eks. berekraftig utvikling.
Handelen mellom Noreg og Mercosur-landa var
på nær 48 mrd. kr i 2024, og ein vesentlege del av dette er med
Brasil. Vi importerer hovudsakleg aluminiumoksid, fiskefôr og soyabønner,
og eksporterer varer innan offshore og maritim sektor, gjødsel,
sjømat og IKT til fordel for og for økonomisk utvikling for begge
partar.
Den siste tida har internasjonale rammer rundt
handel blitt mindre føreseielege, med nye tollbarrierar, og handelsvilkår
blir brukte som geopolitiske verktøy. Noregs bilaterale handelsavtalar
gjev difor eit vesentleg bidrag til tryggare rammer og føreseielegheit
for norske bedrifter som satsar på internasjonal handel. Stabile
og langsiktige avtalar er viktige for å sikre eksportbedriftene
våre marknadsadgang og konkurransedyktige vilkår i utlandet. Handel
og kontakt med land rundt om i verda kan også bidra til større stabilitet
og bidra til utvikling på andre område, som f.eks. menneskerettar,
demokrati og levekår, men ikkje minst økonomisk vekst som gagnar
alle involverte.
Handelsavtalen med Mercosur-landa er eit eksempel
på korleis Noreg kan føre ein uavhengig handelspolitikk tilpassa eigne
interesser. FrP vil understreke at denne typen avtalar føreset nasjonal
råderett over handelspolitikken, og at avtalen viser styrken som
ligg i EFTA-samarbeidet, korleis Noreg kan forhandle fram løysingar
som er tilpassa norske behov, og styrken i å stå utanfor ramma av
EUs handelspolitikk.
21. mai 202617:10· Innlegg
Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tor Mikkel Wara, Morten Stordalen, Kristoffer Sivertsen, Erlend Wiborg, Bjørn Larsen og Rikard Spets om å tilrettelegge for kjernekraft i Norge (Innst. 278 S (2025–2026), jf. Dokument 8:191 S (2025–2026))
Kjernekraft er allereie
ein del av den norske energimiksen takka vere produksjonen i andre
land. I framtida må kjernekraft utgjere ein langt større andel av
kraftproduksjonen vår, for vi treng ein stor «baseload» med stabil
kraft som leverer 24/7. Det må vi ha for at samfunnet skal gå rundt,
og enkelte industriaktørar må ha straum heile døgnet for at utstyret
ikkje skal bli øydelagt.
Vi må òg klare å produsere straum utan for
store naturinngrep, spesielt om vi skal fortsetje å vere eit av
verdas beste land å leve i, med overflod av billig energi som har
moglegjort vestleg sivilisasjon slik vi kjenner den. For framtida
vil krevje enormt med kraft, og vi ser allereie ein revolusjon innan
kunstig intelligens på horisonten, som kan gje ein massiv effektiviserings-
og velferdsvekst om vi legg til rette for det.
Difor skal vi ha i bakhovudet at moderne SMR-reaktorar berre
krev areal på størrelse med ein fotballbane. Kjernekraft bruker
99,7 pst. mindre plass enn landbasert vind. Med andre ord blir det
350 gonger større inngrep i naturen vår med vindkraft. Ved eit vesentleg
større framtidig kraftbehov vil altså storskala vindsatsing medføre
enorme inngrep på sikt. Ikkje minst må vi klare å byggje billig
kjernekraft i framtida. Det er heilt rett at det er bygd svært kostbar
kjernekraft i Europa, og i USA skaut kostnadane i vêret etter Three
Mile Island-ulykka, bl.a. på grunn av dei påfølgande reguleringane
av kjernekraft i landet.
Det er likevel viktig å hugse at kjernekraft
i USA ein gong var konkurransedyktig mot kolkraft, og i Kina ser
vi at dei allereie har greidd å byggje kjernekraft til 50 øre, som over
tid har blitt billigare etter kvart som fleire kraftverk har blitt
bygd.
Vi europearar er ikkje dummare enn korkje kinesarar
eller amerikanarar. Vi må berre lære oss å vere framoverlente. For
bak prislappen på kjernekraft er det ein enorm «idiotfaktor», samtidig
som prislappar på havvind i langt større grad består av materialkostnader
og løner som er vanskelege eller lite ønskelege å presse kraftig
ned.
Vi vil være tent med å kome i gang med kjernekraft
så snart som mogleg. Difor legg FrP fram forslag for å forberede Noreg
på det. Satsinga skal skje i eit trygt og fornuftig tempo, som betyr
at produksjonen ligg noko fram i tid. Andre land er i gong og satsar
for fullt. Det bør Noreg også gjere, spesielt når private aktørar
ønskjer å satse – utan ei einaste krone i statsstøtte.
Skal vi ha industrielle samfunn og produksjon
i Noreg og i resten av Europa, treng vi massiv utbygging av kjernekraft. Alle
parti som er opptekne av vekst, velstand og tryggleik, bør støtte
desse gode FrP-forslaga.
21. mai 202611:14· Innlegg
Representantforslag frå stortingsrepresentantane Bård Hoksrud, Trond Helleland, Anne Lise Gjerstad Fredlund, Erling Sande, Remi Sølvberg, Marius Langballe Dalin, Jørgen H. Kristiansen og Grunde Almeland om å sikre det regionale flytilbodet på FOT-rutenettet i Sør-Noreg (Dokument 8:291 S (2025–2026))
Kortbanenettet er bussen,
trikken og jernbanen vår på Vestlandet. For mange innbyggjarar er
dagens tilbod ein føresetnad for bruk av helse- og utdanningstilbod
og andre sentrale velferdstenester. Det er ikkje berre å kutte i
FOT-rutenettet og tenkje at det blir ei direkte økonomisk innsparing,
for dette handlar også om korleis næringsliv og offentlege tenester
skal fungere.
Kortbanenettet har blitt ein integrert del
av velferdsstaten, og skal du reise til Oslo, må du kunne fly om
morgonen og komme deg heim same dag. For kompetansebedrifter, reisande
og det offentlege er kortbanenettet avgjerande for utvikling og
konkurransekraft. FOT-rutekjøp bidrar til både busetting og verdiskaping,
og eit stort tal aktørar i Sogn og Fjordane har gitt klar beskjed
om det dei siste vekene. Eksempelvis har Helse Førde i dag utfordringar
med å få tak i nok legar. For å få tak i fagfolk er eit godt flytilbod
ein del av konkurransegrunnlaget vårt. Når infrastrukturen først
er på plass, må han bli tatt i bruk med ordentleg rutefrekvens.
Difor er eg glad for at eit breitt fleirtal på Stortinget no har
gått inn for å motarbeide kutta frå regjeringa.
Ein annan viktig føresetnad for god bruk av
kortbanenettet er at billettprisane er låge nok til at folk kan
bruke tilbodet. Ved Bringeland har passasjertalet auka med over
20 pst. frå 2023 til 2025. Næringslivet i regionen er tydelege på
at ei vidareføring av dagens tilbod som minimum er avgjerande for lokalisering
av både privat og offentleg verksemd i regionen, også møteverksemd,
kundekontakt og prosjektgjennomføring. Dårlegare rutefrekvens, redusert
kapasitet eller uheldige rutetider direkte undergrev konkurranseevna
vår. Færre avgangar og dyre billettar aukar også risikoen for tap
av kontraktar og arbeidsplassar.
Difor er det viktig at regjeringa utarbeider
eit nytt anbodsgrunnlag for kjøp av regionale flyruter i Sør-Noreg,
som sikrar at dagens flytilbod og setekapasitet på dei ulike strekningane
vil bli halde på dagens nivå, med vekt på auka kapasitet på tider
med størst behov, utan urimeleg prisauke, sjølvsagt. For FrP er
det viktig at ein sikrar god infrastruktur og framkomme. Her har
regjeringa gått inn for eit småleg kutt og demonstrerer manglande
evne til å prioritere, og det inngår i eit mønster. Gjennom dei
siste ti åra har det blitt henta store pengesummar frå den mest
lønnsame landsdelen vi har, for å ause ut titals milliardar på ulønnsame
prosjekt på motsett side av fjellet. Det som finst av behov for
oppgradert og nødvendig framkomme på Vestlandet, blir neglisjert
og nedprioritert av ei regjering som vel vekk distrikta.
23. apr 202618:56· Innlegg
Møte torsdag den 23. april 2026 kl. 10
Vi ser positive utviklingstrekk
i industrien, og eksporten viser evne til å omstille seg til nye
markedsforhold, men på sikt står vi overfor en rekke utfordringer.
Beskjeden fra industrien selv er at skattesystemet i dag diskriminer
mot norsk eierskap, samtidig som de kjenner på usikkerhet rundt
kraftpriser, avgifter, reguleringer, toll- og handelspolitikk og
tilgang på kompetent arbeidskraft. FrP mener at formuesskatten må
vekk, slik at vi ikke straffer våre egne borgere for å drive med
verdiskaping. Vi vil også produsere billig og stabil strøm uten
å drive med klimapolitisk kraftsløseri, slik at kraften kan komme
industrien til gode.
Det som bekymrer meg mest, er at Norge har
vedtatt et mål om å kutte klimagassutslipp med 70 pst. fra 1990-nivå innen
2035, samtidig som man utenfor Europa har helt andre ambisjoner.
Kina, f.eks., har mål om mellom 5 og 7 pst. vekst årlig, og det
har de klart å holde seg innenfor i en årrekke. Et konkret eksempel
på hvordan disse ulike ambisjonene slår ut i praksis, er at vi nå
ser færre europeiske biler på veiene våre, mens kinesiske biler
tar en stadig større andel av markedet. I dag er det minst 16 forskjellige
kinesiske bilmerker å velge mellom i Norge – før pandemien var det
ett. Dette henger selvsagt sammen med flere faktorer, hvorav flere
som gjør Kina til et dårlig forbilde. Men en årsak vi må ta innover
oss, er at vekst og skaping er gjort en prioritet uten klimapolitiske handikap.
For mens Europa stenger kullkraftverk, åpner Kina stadig nye. Det
betyr at Norge, som eksporterer rundt 60 pst. av varene våre til
euroområdet, også må være framoverlente for å kunne konkurrere og
bidra til konkurransekraft hos våre allierte. Når europeisk økonomi
har falt bakpå, Norge inkludert, vil industrikapasiteten flytte
seg til andre land.
Skal norske bedrifter redde verden, må de først
og fremst kunne konkurrere i verden. Vi kan ikke bare forvente at
vi får kjøpt alt vi trenger, på Elkjøp – vi må ha kapasitet til
å skape ting selv. Slik sikrer og bevarer vi både sikkerhetshensyn
og selvstendighet. Skal norsk industri stå sterkt i framtiden, må vi
ha lave kraftpriser og overflod av stabil kraft, et skattesystem
som ikke straffer norsk eierskap, og en klimapolitikk som ikke binder
armer og bein på den norske økonomien. Alternativet er at Norge
og Europa blir et museum.
9. apr 202616:42· Innlegg
Interpellasjon fra representanten Morgan Langfeldt til klima- og miljøministeren: «Svenske Billerud har trukket seg ut av milliardprosjektet på Follum i Buskerud etter år med uavklart behandling av utslippstillatelsen. Prosjektet hadde bred politisk støtte, støtte fra LO og NHO, Enova-tilsagn, krafttilgang og ferdige planer. Planen var å foredle norsk skog til klimavennlig emballasjefiber. Etter at Billerud Viken påklagde vedtaket fra Miljødirektoratet om utslippstillatelse i 2024, har saken lig
Etter planen skulle
Billerud Viken AS investere stort i ny fabrikk i Hønefoss til foredling
av norsk skog ved å produsere klimavenleg emballasjefiber, men etter
avslag frå Miljødirektoratet, som meiner utsleppa vil bryte med
vassdirektivet og Norges EØS-rettslege forpliktingar, har saka lege
stille hos Klima- og miljødepartementet sidan juni i fjor sommar.
No har Billerud trekt seg ut av milliardprosjektet, og dei peikar
på den lange godkjenningsprosessen som årsak.
Statsminister Jonas Gahr Støre og dåverande
næringsminister Jan-Christian Vestre besøkte Hønefoss sommaren 2022,
kor dei sa seg einig i problembeskrivinga om lange saksbehandlingstider
og langt på veg lova fortgang. Sidan den gongen er det openbert
ikkje gjort nok for å rydde opp. Utan samspel mellom myndigheiter
og næringsliv stoppar utviklinga av Noreg heilt opp, og difor er
det trist at regjeringa ikkje er meir framoverlent og tydeleg på
korleis dei vil løyse problemet og sikre hurtig saksbehandling.
Fordelane med ein fibermassefabrikk i Hønefoss
er mange fleire enn ulempene, og Billerud har fått støtte frå ordførarar,
lokalt næringsliv, LO og NHO, som har gitt klar beskjed til regjeringa
om at saksbehandlingstida er altfor lang. Her har ei moglegheit
dukka opp til å styrkje skognæringa med meir vidareforedling av
tømmer i Noreg. Til produksjonen er det anslått omtrent 700 000
kubikkmeter med trevirke, og fabrikken skulle gje 70 nye lønsame
arbeidsplassar.
Miljødirektoratets avslag på søknaden frå Billerud stoppar
ikkje berre ei grøn industrisatsing, men set også spørsmålsteikn
ved Noregs vilje og evne til å leggje til rette for nye næringar
og ny industri. Signalet vi no sender til andre aktørar som vurderer
å investere i Noreg, er tydeleg: Ikkje kom hit.
Noreg må ha større ambisjonar enn rett og slett
å eksportere råvarene våre til foredling i utlandet. Utan ein fungerande marknad
og utan industrielle kundar har skogen lita økonomisk betyding,
og det er i foredlingsprosessen det skjer størst verdiskaping.
Tidlegare importerte vi tømmer til Norge som
blei nytta til produksjon. No står industriprosjekt i byråkratisk
stampe, og Noreg har blitt ein eksportør av tømmer som i staden
blir foredla andre stader. Den trenden må snu.
19. mar 202610:57· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Pollestad, Trygve Slagsvold Vedum og Bengt Fasteraune om kompensasjonsordning for grønnsaksprodusenter som rammes av nye grenseverdier for kadmium (Innst. 163 S (2025–2026), jf. Dokument 8:99 S (2025–2026))
Meir enn 40 pst. av
norsk løkproduksjon blir ramma av det nye, strenge EU-kravet om
å senke grenseverdien for kadmiuminnhold i løk, som trer i kraft
frå 1. juli i år, etter at ei utsetting av kravet til 2027, som
Stortinget først gjekk inn for, likevel ikkje skal gjelde. All den
tid det er politisk bestemt at innstramminga ikkje kan vente eitt
år, og bønder som slit med å oppfylle det nye EU-kravet, blir utsett
for potensielt store økonomiske tap, er det på sin plass at Stortinget
ber regjeringa kome tilbake til oss med forslag til ei god og rettferdig
kompensasjonsordning.
Norske løkbønder er sette i en svært vanskeleg
situasjon på grunn av eit firkanta og unødvendig politisk inngrep.
Når Stortinget først går inn for å utsetje kravet med eitt år, er
det useriøst å snu igjen med ein gang, berre for å skape utryggleik ved
å sende blanda signal til bøndene.
Norske løkprodusentar klarer seg i stor grad
utan omfattande statlege overføringar. Difor er det svært uheldig
at staten skaper unødvendige politiske svingingar som undergrev grunnlaget
for ordinær drift. Matproduksjon krev langsiktig planlegging, og
det blir det vanskeleg å gjennomføre når politikarane på Stortinget
endrar mening frå uke til uke.
No ber vi staten ta økonomisk ansvar, etter
sjølv å ha skapt eit økonomisk tapspotensial for næringa. Det skal
skje i form av ei midlertidig kompensasjonsordning, og utan å skape
nye, langvarige subsidie- eller kompensasjonsordningar i landbruket.
26. feb 202612:37· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Inge Lien, Kjersti Toppe og Bengt Fasteraune om å endre forskrift om makspriser for drosjebilkjøring, slik at øvre grense for påslag for rullestol gjelder i alle kommuner (Innst. 131 S (2025–2026), jf. Dokument 8:46 S (2025–2026))
Forskrifta om takstberekning
og maksprisar for drosjetransport skal i utgangspunktet gjelde for
heile landet, men det finst nokre unntak som har medført at enkelte
har opplevd urimelege ekstrakostnader i nokre kommunar. På bakgrunn
av dette har Norges Handikapforbund sendt innspel til Stortinget
om at det er viktig med likebehandling over heile landet. Med systemet
av i dag får vi dessverre uføreseielege vilkår i form av prissjokk,
som vi har sett enkelte eksempel på.
Det er viktig at grupper som er særleg avhengige
av drosjetransport, har tilgang til eit godt og rimeleg drosjetilbod, men
makspris er på same tid eit svært inngripande tiltak som kan ha
negative verknader for både forbrukarar og dei som tilbyr den regulerte
tenesta. Dersom prisane blir sette på feil nivå, kan det bli mindre
attraktivt for drosjeselskap å investere i rullestoltilpassa drosjer,
bl.a. fordi det vil ta lengre tid å få dekt inn investeringa for
å tilpasse drosja.
Med utgangspunkt i regelverket av i dag bør
Stortinget sørgje for reell tilgang til transport utan å få skyhøge
rekningar på den andre sida av ei kommunegrense, og for at ordningar
som TT-kort ikkje blir hòla ut av høge påslag i delar av landet,
eller at prising blir flytta over i andre takstledd.
FrP støttar å endre forskrifta om maksprisar
for drosjebilkøyring, samtidig som det må understrekast at ei forskriftsendring
må følgjast tett opp med tiltak som sikrar at tilgjengelegheita
av rullestoltilpassa drosjer ikkje blir dårlegare.
29. jan 202611:32· Innlegg
Debatt om næringsministerens handelspolitiske redegjørelse (Redegjørelsen holdt i Stortingets møte 27. januar 2026)
«Vi er en sjømatnasjon»,
og vi er «en energinasjon». Det fastslår næringsministeren frå talarstolen
når ho blir konfrontert med det faktum at Noreg ligg langt bak nabolanda
våre når det gjeld innovasjon og skaparkraft. Det er først og fremst
rart å høyre frå ei regjering som arbeider for å svekkje fiskeri
og havbruk gjennom eksempelvis skattesjokk som set investeringar
på is og ei CO2-avgift på fiske i fjerne farvatn som
skaper ei stor konkurranseulempe for norske aktørar – ei regjering
som også samarbeider med parti som helst skulle sett at Noreg slutta
å vere ein olje- og gassnasjon, fordi ein helst skulle vore forutan
CO2-utsleppa.
Det Noreg treng, er ikkje politikarar som bestemmer
kva slags næringar som har livets rett og skal satsast på i framtida, aleine
basert på kva som har fungert historisk. Det Noreg treng, er fridom
for alle landets kvinner og menn til å inngå gjensidige fordelaktige
private transaksjonar, slik at morgondagens bedrifter kan blomstre
og vekse seg store her heime. Vi kan ikkje fortsetje å jage gründerar
og kapital ut av landet, noko som gjer heile samfunnet fattigare
og mindre inspirerande. Det er trist at nordmenn med gode idear
er nøydde til å reise til Sverige eller andre land for å kunne satse
og finne privat risikokapital.
Alle vi som sit i denne salen, veit at den
svake norske innovasjonskrafta heng saman med det særnorske skattesystemet vårt.
Ingen andre land vel å straffe eigne innbyggarar og deira konkurransekraft
overfor utanlandske aktørar på den måten som Noreg gjer med formuesskatten.
Vi kan ikkje berre lene oss på verkemiddelapparatet og monstersubsidiar
til dei næringane som politikarane til ei gjeven tid lèt seg freiste
av. Å stole på at spåkula til næringsministeren alltid skal vise
rett, er å gamble med norsk økonomi og framtidas velferdssamfunn.
Difor er eg stolt over at FrP kjempar for lågare
skattar og avgifter, mindre byråkrati og mindre sløsing. Det vil
gje Noreg ein smidigare økonomi med fleire bein å stå på i framtida.
29. jan 202611:32· Innlegg
Møte torsdag den 29. januar 2026 kl. 10
«Vi er en sjømatnasjon»,
og vi er «en energinasjon». Det fastslår næringsministeren frå talarstolen
når ho blir konfrontert med det faktum at Noreg ligg langt bak nabolanda
våre når det gjeld innovasjon og skaparkraft. Det er først og fremst
rart å høyre frå ei regjering som arbeider for å svekkje fiskeri
og havbruk gjennom eksempelvis skattesjokk som set investeringar
på is og ei CO2-avgift på fiske i fjerne farvatn som
skaper ei stor konkurranseulempe for norske aktørar – ei regjering
som også samarbeider med parti som helst skulle sett at Noreg slutta
å vere ein olje- og gassnasjon, fordi ein helst skulle vore forutan
CO2-utsleppa.
Det Noreg treng, er ikkje politikarar som bestemmer
kva slags næringar som har livets rett og skal satsast på i framtida, aleine
basert på kva som har fungert historisk. Det Noreg treng, er fridom
for alle landets kvinner og menn til å inngå gjensidige fordelaktige
private transaksjonar, slik at morgondagens bedrifter kan blomstre
og vekse seg store her heime. Vi kan ikkje fortsetje å jage gründerar
og kapital ut av landet, noko som gjer heile samfunnet fattigare
og mindre inspirerande. Det er trist at nordmenn med gode idear
er nøydde til å reise til Sverige eller andre land for å kunne satse
og finne privat risikokapital.
Alle vi som sit i denne salen, veit at den
svake norske innovasjonskrafta heng saman med det særnorske skattesystemet vårt.
Ingen andre land vel å straffe eigne innbyggarar og deira konkurransekraft
overfor utanlandske aktørar på den måten som Noreg gjer med formuesskatten.
Vi kan ikkje berre lene oss på verkemiddelapparatet og monstersubsidiar
til dei næringane som politikarane til ei gjeven tid lèt seg freiste
av. A stole på at spåkula til næringsministeren alltid skal vise
rett, er å gamble med norsk økonomi og framtidas velferdssamfunn.
Difor er eg stolt over at FrP kjempar for lågare
skattar og avgifter, mindre byråkrati og mindre sløsing. Det vil
gje Noreg ein smidigare økonomi med fleire bein å stå på i framtida.
19. des 202514:06· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Endringer i lov om god handelsskikk i dagligvarekjeden (tilsynsmyndighet) (Innst. 65 L (2025–2026), jf. Prop. 4 L (2025–2026))
Ambisjonane regjeringa
har for næring, innovasjon og gründerskap i Noreg, er eit av dei
større og meir nedslåande vonbrota i budsjettet for neste år. Den
mest næringsfiendtlege skatten i landet, formuesskatten, blir vidareført
utan at ein er redd for ytterlegare kapitalflukt ut av landet, som
har vore ein trend i fleire år. På same tid ser vi at berre to av
dei 30 største bedriftene i Norden er norske, ein reduksjon frå 7
frå før finanskrisa. Svenske Spotify har gått forbi Equinor, og
danske Novo Nordisk er meir verdt enn eit heilt dansk statsbudsjett.
Det er heilt openbert eit stort tap for den norske økonomien at
vi ikkje har slike store og framtidsretta verksemder som driv med
andre ting enn berre naturressursar, og at dei som har gode idear
her til lands, må ut av Noreg for å finne rammevilkåra som må til
for å byggje opp ei bedrift i ei moderne tid og i ein global økonomi.
På same tid bruker vi langt meir offentlege
pengar per innbyggjar enn samanliknbare land, som Sverige og Finland, så
pengar har vi i utgangspunktet nok av. Likevel greier vi ikkje å
oppretthalde noko i nærleiken av det same nivået i privat verdiskaping,
og overlevingsraten blant nye bedrifter er vesentleg lågare i Noreg.
I tillegg held dei massive overføringane til utlandet fram i form
av ein tvilsam bistandspolitikk som ikkje fungerer godt nok.
Budsjettet viser også at drivstoff ikkje skal
bli billigare i oljenasjonen Noreg, trass i at halve Europa har
tatt grep dei siste åra for å hjelpe folk og næringsliv med utgifter
til å dekkje grunnleggjande behov som transport. Sverige er blant
landa som kutta i avgiftene på drivstoff, og der kunne ein fylle for
litt over 14 norske kroner for berre nokre dagar sidan. Her i Noreg
skryter Senterpartiet av at dei rett og slett har stansa ytterlegare
auke i drivstoffavgiftene. Bensin og diesel skal altså ikkje bli
billigare med Senterpartiet i budsjettforhandlingar denne gongen
heller, sjølv om avgiftene til staten i dag utgjer rundt halve literprisen.
Planane om CO2-avgift på fiske i
fjerne farvatn går regjeringa også vidare med, etter å ha skrytt
i valkampen av å ha utsett sin eigen politikk. Dette er ingenting
anna enn ei heilt uforståeleg politisk prioritering. Regjeringa
skapar eit system som gjer at fiskebåtar aukar dei totale CO2-utslippa
sine når dei må reise til utlandet for å bunkre, noko som reduserer
handelen i Noreg og bruken av norske bunkringsanlegg, som har ein
vesentleg beredskapsverdi. Ein sikrar heller ikkje staten nemneverdige
inntekter. På toppen av det heile greier ikkje regjeringa eingong
i sine villaste dagdraumar å førestille seg kva slags utsleppsfrie
drivlinjer fiskeflåten skal gå over til gjennom CO2-avgifta.
Budsjettet for neste år viser at regjeringa
ikkje bryr seg om å bake ei større kake, slik at alle nordmenn kan
sitje igjen med eit større stykke til slutt. Regjeringa trur at
næringsutvikling og innovasjon skjer av seg sjølv, og at dette er
noko som alltid vil vere der, uavhengig av kva for politiske avgjerder som
blir tatt her på Stortinget.
19. des 202513:27· Replikk
Innstilling fra næringskomiteen om Endringer i lov om god handelsskikk i dagligvarekjeden (tilsynsmyndighet) (Innst. 65 L (2025–2026), jf. Prop. 4 L (2025–2026))
Samtidig som tittelen
på pressemeldinga er «sett norske familier foran offentlig sløsing»,
prioriterer KrF i sitt alternative budsjett auka bistand med over
4 mrd. kr. I tillegg føreslår dei 5 mrd. kr til klimainvesteringsfondet,
under streken. Kvifor skal dette gå foran tiltak som styrkjer norsk
verdiskaping og familieøkonomi, når næringslivet og primærnæringane
treng konkurransekraft her heime og vi har rekordlåge fødselstal,
samtidig som folk får færre barn enn dei sjølv seier dei vil ha?
19. des 202513:17· Replikk
Innstilling fra næringskomiteen om Endringer i lov om god handelsskikk i dagligvarekjeden (tilsynsmyndighet) (Innst. 65 L (2025–2026), jf. Prop. 4 L (2025–2026))
Skattar og avgifter
kan ha eit mål i seg sjølv ved å skape insentiv til å ha ei omstilling
eller gå vekk frå ein teknologi og over til ein annan. Problemet
med politikken til MDG er at det ikkje er det vi ser i praksis.
Det vi ser, er at bedrifter og industriar flyttar seg ut av Noreg
eller ut av Europa. Kva er det som har skjedd dei siste åra? Jo,
vi ser at Volkswagen slit enormt i Tyskland. Mange bedrifter og
industriar slit fordi energiprisane er høge og klimapolitikken for
ekstrem. Samtidig flaumar kinesiske elbilar inn på norske vegar,
for der borte legg dei til rette for auka vekst ved å halde energiprisane
nede, og ja: Det medfører CO2-utslepp.
Vil representanten seie seg einig i at politikken
til MDG ikkje berre bidreg til insentiv for grøn teknologi, men
også til at verdiskaping og industri blir piska ut av Noreg og Europa?
19. des 202513:15· Replikk
Innstilling fra næringskomiteen om Endringer i lov om god handelsskikk i dagligvarekjeden (tilsynsmyndighet) (Innst. 65 L (2025–2026), jf. Prop. 4 L (2025–2026))
For det første er ikkje
dette heilt riktig. FrP vil også ha skatter og avgifter, men det
har vi meir enn nok av i Noreg. Vi betaler allereie i dag enormt
mykje, og samanlikna med nabolanda våre bruker vi veldig mykje pengar
per innbyggjar på dei offentlege budsjetta. Skattane og avgiftene
er veldig høge, og vi ser at det har enorme konsekvensar for investeringar,
utvikling og innovasjon i privat sektor.
Det er også eit tankekors med heile verkelegheitsbeskrivinga
til MDG at ein er så oppteken av omstilling når vi ser at Noreg
og Europa har svært svak vekst samanlikna med andre land og kontinent.
USA og Kina rasar frå oss på mange område, mens vi i Europa berre
er opptekne av omstilling og grøn teknologi og ikkje legg til rette
for at næringslivet kan vekse i det som er ein global marknad.
19. des 202513:13· Replikk
Innstilling fra næringskomiteen om Endringer i lov om god handelsskikk i dagligvarekjeden (tilsynsmyndighet) (Innst. 65 L (2025–2026), jf. Prop. 4 L (2025–2026))
Norsk eksportindustri
konkurrerer kvar dag i ein tøff internasjonal marknad. I budsjettforliket
har MDG bidrege til auka kostnader, og i deira eige alternative
budsjett føreslår partiet ytterlegare skjerpingar i særnorske miljøavgifter
og transportkostnader. Korleis meiner MDG at norske bedrifter skal
kunne tryggje arbeidsplassar i Distrikts-Noreg når politikken deira
konsekvent påfører dei konkurranseulemper som gjer det dyrare å produsere
i Noreg enn i andre land og i nabolanda våre?
19. des 202513:07· Replikk
Innstilling fra næringskomiteen om Endringer i lov om god handelsskikk i dagligvarekjeden (tilsynsmyndighet) (Innst. 65 L (2025–2026), jf. Prop. 4 L (2025–2026))
Laks og havbruk er
ei veldig viktig næring for norsk beredskap og matproduksjon. Framstegspartiet
vil definitivt leggje til rette for meir forsking og utvikling av
berekraftig fôr og norsk fôr og protein her til lands. Men er ikkje
representanten frå Raudt einig i at det, av beredskapsomsyn, vil
vere langt smartare å fase inn før ein fasar ut?
19. des 202513:05· Replikk
Innstilling fra næringskomiteen om Endringer i lov om god handelsskikk i dagligvarekjeden (tilsynsmyndighet) (Innst. 65 L (2025–2026), jf. Prop. 4 L (2025–2026))
Raudt føreslår toll
på import av soyamel til kraftfôr og fiskefôrproduksjon. Kan representanten
forklare korleis dei skal unngå at dette slår rett inn i auka fôrkostnader,
svekt konkurransekraft for havbruk og i siste omgang høgare matprisar
for folk?
17. des 202515:33· Innlegg
Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Utbygging og finansiering av Bypakke Grenland fase 2 i Telemark (Innst. 57 S (2025–2026), jf. Prop. 153 S (2024–2025))
Tryggleik for landet
og beredskap blir av regjeringa trekte fram som sentrale prioriteringar
i deira ferske plan for Noreg. Då stussar eg over at den same regjeringa
så ivrig går inn for å skrote Stad skipstunnel, som ville ha tryggja
den farlegaste og mest vêrharde strekninga langs norskekysten. Forsvarleg
og føreseieleg skipsfart er nemleg ikkje berre ei viktig interesse
for næringslivet, men òg viktig for forsvarskapasiteten vår.
Staten skal etter planen bruke over tusen milliardar
kroner på infrastruktur det komande tiåret. Det skal også løyvast langt
meir til forsvar framover. Likevel inngår visst ikkje dette viktige
prosjektet for betre infrastruktur på Nordvestlandet i planane til
regjeringa i det heile teke.
Når ein gjev opp prosjektet etter å ha brukt
fleire hundre millionar på å kome i gang, og lokale bebuarar har
måtta flytte, går det ut over tilliten til det offentlege og evna
vår til gjennomføre det arbeidet som har blitt begynt, spesielt
når arbeidet blir avslutta før forhandlingane om pris for prosjektet
er fullførte. På toppen av det heile skapar regjeringa eit uriktig inntrykk
av at skipstunnelen skal bli dyrare enn han faktisk ligg an til,
ved å rekne med momskostnader staten ville betalt tilbake til seg
sjølv.
Ikkje berre går vi glipp av potensielt hundrevis
av arbeidsplassar ved å skrote prosjektet; aktørar i heile regionen har
allereie arbeidd i lang tid med planar for tunnelen og tilrettelegging
av næringsareal. Nærare heile næringslivet både nord og sør for
Stad seier dei vil få stor nytte av tunnelen, og påstanden om at
ingen kjem til å bruke han, har blitt tilbakevist av Kystrederiene,
som seier at 80 pst av deira medlemer vil nytte seg av tunnelen.
Stad skipstunnel vil binde Vestlandet tettare
saman, skape nye bu- og arbeidsregionar og styrkje beredskapen langs kysten.
Han kan òg bidra til å redusere utslepp og gje miljøgevinstar, eksempelvis
ved å gjere det mogleg eller enklare å nytte elektriske fartøy.
Skipstunnelen opnar for meir effektiv transport
av folk og varer ved å redusere ventetider. Mindre fartøy tapar
i dag verdiskaping ved å måtte liggje til kai, mens større fartøy
må lenger ut på havet og ta omvegar. Det har ein verdi for lokalt næringsliv
og renommeet deira at ein får gjort noko med det. Det kan òg nemnast
at tunnelen ville levert ei reiselivsoppleving som er unik i global
samanheng, og som ville hatt stor verdi for reiselivsnæringa.
Arbeidarpartiet sine planar om å skrote Stad
skipstunnel er det siste eksempelet i ei rekkje av prosjekt på Vestlandet som
ryk ut av dei vedtekne prioriteringslistene. Då regjeringa i fjor
la fram ny NTP, var plutseleg Vestlandet sine to høgast prioriterte
vegprosjekt skrota. Hordfast blei nedprioritert, med for høg ressursbruk
som forklaring. Kryssing av Romsdalsfjorden blei teke ut med same
forklaring.
Det er viktig å påpeike at Vestlandet ikkje
har nokon store jernbaneprosjekt, som utgjer rundt halvparten av
løyvingane til samferdsel. Når pengane heller ikkje kjem til veg
eller kyst, har vi på Vestlandet all grunn til å vere skuffa over
parti som har tyngdepunkt på Austlandet.
5. des 202515:55· Innlegg
Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2026 og forslaget til statsbudsjett for 2026 (Innst. 2 S (2025–2026), jf. Meld. St. 1 (2025–2026) og Prop. 1 S (2025–2026))
Regjeringa justerer
formuesskatten i statsbudsjettet for neste år, men vil ikkje gjere
vesentlege kutt i det som er landets mest næringsfiendtlege skatt.
Onsdag melde TV 2 at Noreg tapar milliardar på dei såkalla skatteflyktningane
som forlèt landet, og at sju av ti på inntektstoppen no har flytta
ut. Dette heng saman med den særnorske formuesskatten, som er skjerpa
under Støre-regjeringa. Ingen synest spesielt synd i dei som flyttar
ut, men det er synd at Noreg blir eit land med stadig svakare innovasjonskraft.
I dag er berre 2 av Nordens 30 største bedrifter
norske – Equinor og ein bank. Før finanskrisa hadde vi 7 på topplista. Ser
ein på kva slags bedrifter som er størst i Noreg, blir det fort
klart at vi har ein økonomi bygd på naturressursar, dominert av
olje, gass, laks og vasskraft.
Årsaka til at vi ikkje har store teknologibaserte
bedrifter, som den svenske musikktenesta Spotify, som no er verd
meir enn Equinor, eller det danske medisinselskapet Novo Nordisk,
som er verd meir enn et heilt dansk statsbudsjett, er at dei fleste
bedrifter er avhengige av kapital og føreseielegheit for å kome
seg på beina.
Fellesskapets midlar er tilgjengelege for gründerar
og oppstartsbedrifter, men altfor få av dei kjem seg ut av den såkalla
dødens dal, kor såkorn frå det offentlege ikkje lenger strekk til.
Her kjem vi langt dårlegare ut enn svenskane og danskane, med vesentleg
fleire konkursar blant bedrifter etter fem år. Det er spesielt i
skaleringsfasen, kor ein treng 5 mill. kr til 30 mill. kr, at den
norske modellen sviktar. Her får bedrifter i nabolanda våre hjelp
av private investorar som er villige til å risikere eigne pengar.
Svak innovasjonskraft gjer ikkje berre at vi
tapar inntekter til staten. Eg tenker mykje på at vi har et land
fullt av kreativ norsk ungdom som vil stå opp tidleg om morgonen
for å skape, og som ønskjer å gjere verda til ein betre stad. Kva
signal sender vi til dei? Frå venstresida er beskjeden krystallklar: Dei
må ut av landet dersom dei skal lykkast, for store formuar skal
ikkje akkumulerast i Noreg, ikkje eingong i form av verdfulle bedrifter
eller maskinar og utstyr som blir brukte i verdiskaping.
Eg meiner vi må heie på alle som vil skape
noko nytt, for når dei vinn, gagnar det ikkje berre dei sjølve –
heile samfunnet blir betre når nye bedrifter veks fram, betalar
skatt og leverer produkt eller tenester som blir selde i ein fri
marknad gjennom gjensidig fordelaktige private transaksjonar.
Vi må gjere som resten av Europa og kaste formuesskatten
på historias skraphaug. Land som Sverige og Frankrike har prøvd
ein slik skatt, men gav opp fordi det blei for dyrt. I dag vil ikkje
eingong sosialistane i desse landa prøve på nytt. Vil regjeringa
levere trygg og ansvarleg styring, må dei fase ut formuesskatten,
slik FrP går inn for i det alternative statsbudsjettet vårt.
4. des 202510:03· Innlegg
Innstilling frå næringskomiteen om Lov om aktiviteter i verdensrommet (romloven) (Innst. 32 L (2025–2026), jf. Prop. 155 L (2024–2025))
03:12] (ordførar for saka):
Eg vil først takke for godt samarbeid i komiteen i arbeidet med
den nye lova om aktivitetar i verdsrommet. Sektoren som blir omfatta,
har utvikla seg vesentleg i nyare tid, og det er behov for ei ny
og framtidsretta lov som anerkjenner viktigheita og verdien av denne
næringa.
Noreg har 2 700 tilsette innanfor romnæringa,
som totalt eksporterte for 11 mrd. kr i 2021. Mykje har skjedd i
verdsrommet dei siste åra, spesielt har vi sett ein stor auke i
satellittar som er skotne opp for å levere ei rekkje ulike teknologiske
løysingar, som også Noreg nyt godt av. Vi ser stort potensial på
horisonten for landet vårt. Med det nasjonale fortrinnet vi har
eksempelvis i oppskytingsanlegget på Andøya, er Noreg godt posisjonert
til ytterlegare vekst, og vi kan styrkje oss som ein leiande europeisk
romfartsnasjon. Ved å leggje til rette for og satse vidare på romnæringa
kan vi bidra til å sikre robust infrastruktur og teknologi som har
blitt kritisk i vårt moderne samfunn.
Den nye lova tek utgangspunkt i ei rammelov
som skal dekkje dagens reguleringsbehov og samtidig oppnå tilstrekkeleg
smidigheit slik at ho opnar for utvikling av framtidige romaktivitetar.
Formålet med lova er å leggje til rette for ein sikker og berekraftig
bruk av verdsrommet. Romaktivitetar innanfor Noregs jurisdiksjon
skal utøvast på ein måte som ivaretek nasjonale sikkerheitsinteresser
og er i tråd med våre internasjonale forpliktingar.
Næringskomiteen har merka seg behovet for oppdatert regulering
i lys av auka aktivitet og samfunnet si avhengigheit av romtenester,
og at lova skal balansere næringsutvikling, sikkerheit og miljø-
og berekraftsomsyn. Komiteen meiner at Noreg har markert seg som
romnasjon, og viser til at næringa er av stor betydning for arbeidsplassar
over heile landet. Næringa har utvikla ein komplett verdikjede for
romverksemd, frå utvikling av rakettmotorar, satellittkomponentar
og fullverdige satellittar til oppskytingskapasitetar og bakkestasjonar.
Noreg har stor nytte av rombaserte tenester,
anten det for å overvake enorme havområde, sikre trygg kommunikasjon over
vårt langstrekte land, koordinere søk- og redningsoppdrag eller
følgje med på utviklinga av klimaendringar og føreta areal- og naturkartlegging.
Eg ønskjer god debatt.
5. nov 202511:05· Replikk
Møte onsdag den 5. november 2025 kl. 10
Jeg registrerer at før
valget kunne Arbeiderpartiet i flere fylker langs kysten skryte
av at de nettopp hadde utsatt sitt eget forslag om å ta CO2-avgift
fra norske fiskebåter i såkalt utenriksfart. Det er riktig at regjeringen
i statsbudsjettet for 2026 erkjenner problemet med karbonlekkasje
som oppstår på grunn av avgiften. Da lurer jeg på om finansministeren
tror at den beskjedne økningen i kompensasjonsordningen som er foreslått,
vil stanse dette fenomenet med bunkring i utlandet.
5. nov 202511:02· Innlegg
Møte onsdag den 5. november 2025 kl. 10
Mitt spørsmål går også
til finansministeren.
Regjeringen har i statsbudsjettet sitt foreslått
å heve kompensasjonsordningen for fiskeflåten med 140 mill. kr og
utvide ordningen for å dekke fiske i fjerne farvann. Det gjør man
i stedet for å fjerne en særnorsk CO2-avgift for næringen
som har flere negative konsekvenser.
I dag er det opptil flere millioner kroner
å spare i året for norske sjøfarere ved å reise til Danmark eller Shetland
for å fylle drivstoff, for i utlandet slipper de å betale denne
avgiften. Klimapolitikken, som altså har til hensikt å redusere
brenning av diesel, fungerer i praksis på en måte som gjør at man
reiser lenger og slipper ut mer CO2 totalt. Avgiften
medfører også økte kostnader for bedrifter som må bruke tid, penger
og mannskap på unødvendige omveier. I tillegg mister drivstoffleverandører
i Norge omsetning, noe som i verste fall kan gå ut over beredskapen
vår, om de må legge ned driften. Jeg mener det er viktig for sikkerheten
vår at vi lagrer og omsetter drivstoff i Norge.
Jeg skal også presisere at kompensasjonsordningen som
gir penger tilbake til fiskeriflåten, kun dekker en liten andel
av det de må betale inn i avgifter. Diesel som fylles i utlandet,
er gjerne uten tilsatt biodrivstoff. For rederier virker avgiftene
som et anker lenket til foten i møte med konkurranse fra utlendinger
og landbasert transport. Når nærskipsfarten samtidig rammes av EUs kvotesystem,
oppstår en dobbeltbeskatning på de samme CO2-utslippene.
Det er denne typen politikk som har gjort at over 65 pst. av skipene
som opererer i norske farvann, nå har utenlandsk flagg.
Derfor lurer jeg på om finansministeren opplever
at den særnorske avgiften virker etter sin hensikt, som er å øke
velstanden for mennesker globalt ved å redusere CO2-utslipp
fra norske fartøy.
14. okt 202514:25· Innlegg
Møte tirsdag den 14. oktober 2025 kl. 10
Regjeringens utspill
om å skrinlegge Stad skipstunnel er et stort nederlag for hele kysten
vår. Det er allerede brukt flere hundre millioner kroner på planlegging
og kjøp av eiendommer. Om en gir opp prosjektet nå, vil det gå ut
over tilliten til det offentlige Norge og evnen til å gjennomføre
arbeid som blir pålagt av Stortinget, og som nesten er kommet til
byggestart. Spesielt er dette sant om en stanser arbeidet før sluttforhandlingene om
endelig pris for prosjektet er fullført, et arbeid som det er satt
av midler til i statsbudsjettet for 2025.
Trygg skipsfart er det viktigste hensynet på
den farligste delen av den norske farleien, der mange mennesker
har mistet livet opp gjennom årene. Tunnelen vil også åpne for persontrafikk
med forlenging av hurtigbåtruta nordover fra Måløy og Selje til
Ålesund og Vigra lufthamn.
For næringslivet åpner en skipstunnel for stabil
kysttransport av gods ved å redusere ventetider i dårlig vær. Fartøy
som i dag må vente i mange døgn for å runde Stadthalvøya, har store
økonomiske tap gjennom forsinkelser og tapt omdømme som mindre leveringsdyktige.
Man må også påpeke at tunnelen vil levere en reiselivsopplevelse
som er unik i global skala.
Satsingen vil også kunne regnes som en stor
satsing på forsvarsstrategisk instrastruktur. Nesten hele næringslivet
på Nordvestlandet sier de vil få stor nytte av tunellen, noe som blir
understøttet av organisasjonen Kystrederiene, som dokumenterer at
80 pst. av deres medlemmer vil benytte tiltaket.
Kommuner og næringsliv har i lang tid arbeidet
med forberedelser gjennom reguleringer, oppkjøp av eiendommer og tilrettelegging
av framtidig næringsareal. Flere familier har solgt og forlatt hjemmene
sine, bare for å se at regjeringen Støre vil stanse prosjektet før
sluttforhandlingene med anbudstilbyderne er gjennomført.
At investeringsrammen må økes i en tid da kostnadene for
de fleste byggeprosjekter, spesielt innenfor samferdsel, har økt
mer enn vanlig prisstigning, har ikke kommet som et sjokk på noen.
Det må her presiseres at når statsministeren sier at totalkostnaden
blir på 9,4 mrd. kr, er det medregnet moms, altså penger som det
offentlige betaler til seg selv, og et garantibeløp på 1 mrd. kr.
Dette er det siste i en rekke av samferdselsprosjekter
på Vestlandet som regjeringen vil ha ut av vedtatte prioriteringslister.
Da regjeringen i fjor la fram ny NTP, var bl.a. Hordfast nedprioritert,
med for høy ressursbruk som forklaring. Møre og Romsdal fikk ingen
større prosjekter i NTP-perioden.
Det er viktig å påpeke at vi på Nordvestlandet,
som står for en svært stor del av norsk verdiskaping og eksport,
ikke har noen jernbaneprosjekter, som utgjør rundt halvparten av samferdselsmidlene.
Når midler heller ikke kommer til vei på vestlandskysten, har vi
all grunn til å være skuffet over regjeringen nå. Staten skal etter
planen bruke over 1 000 mrd. kr på infrastruktur det kommende tiåret.
Vi skal altså satse enormt på å utvikle Norge, men bare ikke Nordvestlandet.
Jeg håper at Stortinget ser hvor viktig Stad
skipstunnel er, og at et flertall vil sørge for at vi kommer videre
med prosjektet.