Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 7. jan 2025

Innlegget
Gode, trygge og trafikksikre vegar er Høgre sitt mål for effektiv infrastruktur. Ein ny, effektiv europaveg mellom Mandal og Kristiansand er heilt i tråd med det me ønskjer for eit effektivt vegnett. Likevel ser me at bompengesituasjonen vert krevjande for ein del av desse nye prosjekta, og spesielt vert det slik før ein har heile sambandet og vegnettet ferdigstilt. Difor er det full forståing for at fylkeskommunen har teke kontakt med departementet for å sjå på løysingar for bompengeinnkrevjinga, slik at vegen faktisk vert brukt. Eg forstår det slik at den pågåande dialogen mellom Agder fylkeskommune og departementet for å finna gode løysingar for dei høge bompengetakstane er i god prosess. Det er gjort faglege berekningar som fylkeskommunen meiner vil vera eit godt grunnlag for å gjera ein samla gjennomgang av takststrukturen på den gjeldande vegstrekninga av E39. Fylkeskommunen meiner at ein kan nå det overordna målet om å få redusert bompengetrykket for bilistane og næringstransporten gjennom ein kombinasjon av tiltak, og er positiv til at ein greier ut alternativ til gjeldande takststruktur. Her vert det spesielt peika på forlenging av innkrevjingstida, slik at bompengetrykket i første del av perioden vert noko lettare, så lenge heile strekkja ikkje er ferdigstilt. Føresetnadene for kvar bilistane prioriterer å køyra når heile strekkja er ferdig utbygd i 2028, vil endra seg, og ein bør difor vurdera om det er hensiktsmessig å sjå på korleis køyremønsteret og dermed betalingsviljen endrar seg før og etter full utbygging. Det er grunnlaget for at Høgre støttar mindretalsframlegget, noko som er i tråd med ønsket frå fylkeskommunen, for me ønskjer jo at dei gode og trygge vegane våre skal brukast.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat